Bodrum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bodrum
by
Bodrumborga (St. Peter-borga)
Land  Tyrkia
Region Egearregionen
Provins Muğla
Koordinatar 37°02′N 27°26′E / 37.033°N 27.433°E / 37.033; 27.433
Areal 557 km²
Folketal 32 801  (2009)
Borgarmeister Mehmet Kocadon (DP)
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 48400
Retningsnummer (0090)+ 252
Bilnummer 48
Kart
Bodrum
37°02′04″N 27°25′50″E / 37.0343987°N 27.430651°E / 37.0343987; 27.430651
Wikimedia Commons: Bodrum
Nettstad: www.bodrum.bel.tr

Bodrum er ein hamneby i provinsen Muğla sørvest i Egearregionen i Tyrkia. Han ligg på sørkysten av Bodrumhalvøya ved Gökovabukta. Byen vart kalla Halikarnassos i Karia i antikken og var kjend for Mausoleion, eit av dei sju underverka. Bodrumborga ligg ved hamna vart bygd av krossfararane på 1400-talet. Byen har kring 30 000 innbyggjarar, medan heile distriktet har 120 000 innbyggjarar (2009).

Hovudnæringa i Bodrum er turisme.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Bodrum har eit middelhavsklima. Temperaturen om vinteren er 15 °C på dagtid og om sommaren 34 °C med lange periodar med sol. Somrane er varme og med høg fukt og vintrar er mild og stort sett solrike.

Vêrdata for Bodrum
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 25,3 27,2 30,1 36,2 40 46,6 50,8 48,6 45,1 34,9 30,6 28,4 50,8
Gjennomsnittleg maks °C 15,1 15,2 17,6 21,1 26 31,2 34,2 34 30,3 25,6 20,3 16,5 23,9
Gjennomsnittleg min °C 8,3 8 9,7 12,7 16,5 20,8 23,3 23,3 20,3 16,8 12,8 9,8 15,2
Gjennomsnittleg nedbør mm 134,1 107,9 74 39,1 18,4 7,5 1,3 8,5 20,8 40,5 97,7 156,2 706
Gns. solskinstimar i månaden 148,8 151,2 198,4 225 285,2 318 337,9 322,4 273 223,2 168 139,5 2 790,6
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü[1]

Dei første innbyggjarane ein kjenner til i Bodrum-ormådet var folk frå Karia, før hamna vart kolonistar av dorianske grekarar på 600-talet fvt. Byen kom seinare under persarane.

Gjenverande ruinar av Mausoleion, eit av dei sju underverka, i Halikarnassos (moderne Bodrum.)

Mausolus styrte Karia frå her og då han døydde i 353 fvt. vart han gravlagd i Mausoleion. Ordet mausoleum kjem frå dette byggverket. Det stod i 1700 år før det vart øydelagt av jordskjelv. I dag er berre fundamentet og nokre få skulpturar.

Aleksander den store kringsette byen og erobra han etter ein hard kamp. Julian av Halikarnassos var biskop tidleg på 500-talet, men same hundreåret vart byen styrt av persarane. Krossfararane kom til byen i 1402 og nytta ruinane av mausoleet til å byggje Bodrumborga som framleis står. Tempelriddarane fekk løyve til å byggje borga av den osmanske sultanen Mehmed I, etter Timur Lenk hadde øydelagt den tidlegare borga deira i Izmirbukta. Borga og byen vart kjende som Petronium, som er opphavet til moderne Bodrum.

Bodrum var ein roleg fiskelandsby fram til midten av 1900-talet, då turismen starta å auke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «İl ve İlçelerimize Ait İstatistiki Veriler- Meteoroloji Genel Müdürlüğü». Dmi.gov.tr. 30. november 1971. Henta 15. august 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Bodrum frå Wikivoyage