Body Language
| Body Language Studioalbum av Kylie Minogue |
||
| Utgjeve | 20. november 2003 | |
| Innspelt | 2003 | |
| Sjanger | Pop, dansepop, electropop, synthpop, R&B | |
| Lengd | 47:51 | |
| Selskap | Parlophone Capitol Records |
|
| Produsent | Baby Ash Chris Braide Cathy Dennis Johnny Douglas Electric J Julian Gallagher Kurtis Mantronik Karen Poole Richard Stannard Sunnyroads |
|
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Kylie Minogue-kronologi | ||
| Fever (2001) |
Body Language | X (2007) |
Body Language er det niande studioalbumet frå den australske songaren Kylie Minogue, utgjeve i november 2003 av Parlophone. Albummet vart sertifisert to gonger platina i Australia, der det selde rundt 140 000 eksemplar, og vart òg sertifisert til platina i Storbritannia, der det selde over 378 000 eksemplar. I tillegg har albumet selt 177 000 eksemplar i USA.[1]
Innhaldsliste |
[endre] Albuminformasjon
Body Language er det tredje albumet hennar for plateselskapet Parlophone, og vart innspelt sommaren 2003 i Storbritannia, Irland og Spania. Minogue har jobba med tidlegare samarbeidspartnarar på plata. Det klarte ikkje å nå opp til suksessen til forgjengaren Fever, men vart likevel populær i fleire land. Albumet vart etterfylgd av ein spektakulær konsert med tittelen Money Can't Buy 15. november 2003 i London. Minogue framførte her sju nye songar, saman med nokre av dei eldre hitsa hennar. I juli 2004 vart konserten gjeve ut på DVD, som inneheldt ein uredigert versjon av konserten og i tillegg til framføringar av songane «Slow» og «Chocolate».
Dei australske og japanske versjonane av albumet inkluderte bonussporet «Slo Motion». Den nordamerikanske versjonen av albumet vart utgjeve i 2004 og hadde med eit forbetra spor med musikkvideoen til «Slow» og ei framføring av «Can't Get You Out of My Head» frå konserten Money Can't Buy. Han inkluderte òg to bonusspor, «Cruise Control» og «You Make Me Feel». I USA var nokre versjonar av albumet pakka med seks postkort. Albumet nådde nummer førtito på Billboard 200-lista og har til no selt 171 000 eksemplar.[2]
[endre] Singlar
- «Slow» vart utgjeven i november 2003. Songen kom på fyrsteplass på både den britiske og australske hitlista, i tillegg til i Danmark, Spania og Romania. Han nådde ei plassering blant dei ti mest selde singlane i ei rekkje andre land, inkludert Canada, Italia, Nederland, New Zealand, Taiwan og Portugal.
- «Secret (Take You Home)» vart utgjeven som ein salsfremjande singel berre i Taiwan tidleg i 2004. Konsertopptredenen av songen frå DVD-en Body Language Live vart brukt som salsfremjande video. Dette vart den mestseljande singelen til Minogue i Taiwan.
- «Red Blooded Woman» vart utgjeven i februar 2004. Han nådde nummer fire på den australske hitlista og nummer fem på den britiske. Songen har òg nådd toppen i Spania, Danmark, Ungarn, Irland og Italia. I USA nådde songen fyrsteplass på Billboard-lista.
- «Chocolate» vart utgjeven i juni 2004 verda over, bortsett frå i Australia der han kom ut månaden etter. Han nådde Topp 10 og debuterte som nummer seks på singellistene.
[endre] Sporliste
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «Slow» | Kylie Minogue, Dan Carey, Emilíana Torrini | 3:15 |
| 2. | «Still Standing» | Ash Thomas, Alexis Strum | 3:39 |
| 3. | «Secret (Take You Home)» | Curtis T. Bedeau, Gerard Charles, Hugh Clarke, Reza Safinia, Lisa Greene, Paul George | 3:16 |
| 4. | «Promises» | Kurtis Mantronik, David Billing | 3:17 |
| 5. | «Sweet Music» | Kylie Minogue, Karen Poole, Ash Thomas | 4:11 |
| 6. | «Red Blooded Woman» | Johnny Douglas, Karen Poole | 4:21 |
| 7. | «Chocolate» | Johnny Douglas, Karen Poole | 5:00 |
| 8. | «Obsession» | Kurtis Mantronik, David Billing, M. Grey | 3:31 |
| 9. | «I Feel for You» | Liz Winstanley, J. Piccioni, S. Anselmetti | 4:19 |
| 10. | «Someday» | Kylie Minogue, Emilíana Torrini, Ash Thomas | 4:18 |
| 11. | «Loving Days» | Kylie Minogue, Richard Stannard, Julian Gallagher, Dave Morgan | 4:26 |
| 12. | «After Dark» | Cathy Dennis, Chris Braide | 4:10 |
[endre] Medverkande
- Kylie Minogue – vokal, bakgrunnsvokal
- Johnny Douglas – alle instrument, bakgrunnsvokal
- Chris Braide – alle instrument, bakgrunnsvokal, lydmiksing
- Dave Clews – programmering, keyboard, lydteknikar
- Julian Gallagher – programmering, keyboard
- Alvin Sweeney – programmering, lydmiksing, lydopptak
- Richard Gallagher – bakgrunnsvokal, keyboard
- Dave Morgan – keyboard, gitar
[endre] Topplisten
| Toppliste | Listeplassering |
|---|---|
| Australia (ARIA Charts)[3] | 2 |
| Austerrike (IFPI Austria)[4] | 23 |
| Belgia (Ultratop 50 Flandern)[5] | 10 |
| Belgia (Ultratop 50 Wallonia)[6] | 33 |
| Danmark (IFPI Denmark)[7] | 22 |
| Nederland (MegaCharts)[8] | 19 |
| Europa (European Top 100 Albums) | 9 |
| Finland (Suomen virallinen lista)[9] | 32 |
| Frankrike (SNEP)[10] | 31 |
| Tyskland (Media Control Charts)[11] | 11 |
| Irland (Irish Albums Chart)[12] | 19 |
| Japan (Oricon)[13] | 43 |
| New Zealand (RIANZ)[14] | 23 |
| Noreg (VG-lista)[15] | 21 |
| Polen (Polish Music Charts)[16] | 49 |
| Portugal (AFP)[17] | 14 |
| Sverige (Sverigetopplistan)[18] | 20 |
| Sveits (Schweizer Hitparade)[19] | 8 |
| Storbritannia (UK Albums Chart)[20] | 6 |
| USA (Billboard 200)[21] | 42 |
[endre] Sertifisering
| Land | Sertifisering |
|---|---|
| Australia (ARIA) | 2× Platina[22] |
| Austerrike (IFPI) | Gull[23] |
| Storbritannia (BPI) | Platina[24] |
[endre] Kjelder
- Delar av denne artikkelen byggjer på «Body Language (Kylie Minogue album)» frå Wikipedia på engelsk.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Trust, Gary (4. mars 2011). "Ask Billboard: Katy Perry, Kylie Minogue, Cee Lo Green". Billboard. http://www.billboard.com/column/chartbeat/ask-billboard-katy-perry-kylie-minogue-cee-1005059512.story#/column/chartbeat/ask-billboard-katy-perry-kylie-minogue-cee-1005059512.story?page=2. Henta 7. mars 2011.
- ↑ Herrera, Monica. "Kylie Minogue Plans First North American Tour". Billboard. Nielsen Business Media, Inc. http://www.billboard.biz/bbbiz/content_display/industry/news/e3i13c1c3359fdd4ef8887a3a62db940de6. Henta 20. februar 2011.
- ↑ "Kylie Minogue – Body Language". Australian Recording Industry Association. Hung Medien. http://australian-charts.com/showitem.asp?interpret=Kylie+Minogue&titel=Body+Language&cat=a. Henta 20. februar 2011.
- ↑ "Kylie Minogue – Body Language". IFPI Austria. Hung Medien. http://austriancharts.at/showitem.asp?interpret=Kylie+Minogue&titel=Body+Language&cat=a. Henta 20. februar 2011.
- ↑ "Kylie Minogue – Body Language" (på nederlandsk). Ultratop. Hung Medien. http://www.ultratop.be/nl/showitem.asp?interpret=Kylie+Minogue&titel=Body+Language&cat=a. Henta 20. februar 2011.
- ↑ "Kylie Minogue – Body Language" (på fransk). Ultratop. Hung Medien. http://www.ultratop.be/fr/showitem.asp?interpret=Kylie+Minogue&titel=Body+Language&cat=a. Henta 20. februar 2011.
- ↑ "Kylie Minogue – Body Language". IFPI Denmark. Hung Medien. http://danishcharts.com/showitem.asp?interpret=Kylie+Minogue&titel=Body+Language&cat=a. Henta 20. februar 2011.
- ↑ "Kylie Minogue – Body Language". MegaCharts. Hung Medien. http://dutchcharts.nl/showitem.asp?interpret=Kylie+Minogue&titel=Body+Language&cat=a. Henta 20. februar 2011.
- ↑ "Kylie Minogue – Body Language". IFPI Finland. Hung Medien. http://finnishcharts.com/showitem.asp?interpret=Kylie+Minogue&titel=Body+Language&cat=a. Henta 20. februar 2011.
- ↑ "Kylie Minogue – Body Language". SNEP. Hung Medien. http://lescharts.com/showitem.asp?interpret=Kylie+Minogue&titel=Body+Language&cat=a. Henta 20. februar 2011.
- ↑ "Minogue, Kylie | Longplay-Chartverfolgung". Media Control Charts. PhonoNet GmbH. http://www.musicline.de/de/chartverfolgung_summary/artist/Minogue,Kylie/?type=longplay. Henta 20. februar 2011.
- ↑ "Top 75 Artist Album, Week Ending 20 November 2003". Irish Recorded Music Association. Chart-Track. http://www.chart-track.co.uk/index.jsp?c=p%2Fmusicvideo%2Fmusic%2Farchive%2Findex_test.jsp&ct=240002&arch=t&lyr=2003&year=2003&week=47. Henta 20. februar 2011.
- ↑ "ボディ・ランゲージ/カイリー・ミノーグ [Body Language / Kylie Minogue]". Oricon. http://www.oricon.co.jp/music/release/d/523195/1/. Henta 18. februar 2011.
- ↑ "Kylie Minogue – Body Language". Recording Industry Association of New Zealand. Hung Medien. http://charts.org.nz/showitem.asp?interpret=Kylie+Minogue&titel=Body+Language&cat=a. Henta 20. februar 2011.
- ↑ "Kylie Minogue – Body Language". Verdens Gang. Hung Medien. http://norwegiancharts.com/showitem.asp?interpret=Kylie+Minogue&titel=Body+Language&cat=a. Henta 20. februar 2011.
- ↑ "Oficjalna lista sprzedaży". OLiS. 1. december 2001. http://olis.onyx.pl/listy/index.asp?idlisty=176&lang=en. Henta 20. februar 2011.
- ↑ "Kylie Minogue – Body Language". Associação Fonográfica Portuguesa. Hung Medien. http://portuguesecharts.com/showitem.asp?interpret=Kylie+Minogue&titel=Body+Language&cat=a. Henta 20. februar 2011.
- ↑ "Kylie Minogue – Body Language". Sverigetopplistan. Hung Medien. http://swedishcharts.com/showitem.asp?interpret=Kylie+Minogue&titel=Body+Language&cat=a. Henta 20. februar 2011.
- ↑ "Kylie Minogue – Body Language". Media Control Charts. Hung Medien. http://swisscharts.com/showitem.asp?interpret=Kylie+Minogue&titel=Body+Language&cat=a. Henta 25. oktober 2009.
- ↑ "Kylie Minogue – Body Language". The Official Charts Company. Chart Stats. http://www.chartstats.com/release.php?release=41612. Henta 20. februar 2011.
- ↑ "Body Language – Kylie Minogue". Billboard. Prometheus Global Media. http://www.billboard.com/#/album/kylie-minogue/body-language/616010. Henta 20. februar 2011.
- ↑ "ARIA Charts – Accreditations – 2003 Albums". Australian Recording Industry Association. http://www.aria.com.au/pages/aria-charts-accreditations-albums-2003.htm. Henta 20. februar 2011.
- ↑ "Gold & Platin". IFPI. 18. november 2003. http://www.ifpi.at/?section=goldplatin. Henta 7. mai 2007.
- ↑ "Certified Awards Search". British Phonographic Industry. 28. november 2003. http://www.bpi.co.uk/certifiedawards/Search.aspx. Henta 20. februar 2011.