Bogeskyting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bogeskyting er skyting med pil og boge. Opp gjennom tidende er bogeskyting nytta både til jakt og krigføring, og ein har hatt ulike bogar og piler til kvart sitt bruk. I moderne tid er bogeskyting framfor alt ein presisjonsidrett. Ein person som praktiserer bogeskyting kallast ein bogeskyttar.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Bogen ser ut til å ha vorte oppfunnen i slutten av perioden paleolitikum eller tidleg i perioden mesolitikum - i alle høve rundt 10 000 år før vår tidsrekning. Dei tidlegaste teikna på bruk i Europa er frå eit område nord for Hamburg (Tyskland).

Bogeskyting som idrett[endre | endre wikiteksten]

Bogeskyting er delt inn i fleire greiner, som er dei ulike formene for konkurranse. Det internasjonale bogeskytterforbundet har fastsett reglar for mange greiner, mellom anna:

  • Innandørs (skive)skyting
  • Utandørs skiveskyting
  • Feltskyting
  • Jaktskyting
  • 3D-jakt
  • Skibogeskyting
  • Terrengløp med skyting

I bogeskyting som idrett blir det skilt mellom tre bogetypar, og det er typen boge som avgjer kva for ein divisjon ein skyt i.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]