Bogoindisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
8
7
6
5
4
3
2
1
a b c d e f g h

Bogoindisk er ei sjakkopning som vert definert av trekka 1.d4 Sf6 2.c4 e6 3.Sf3 Lb4+. Den har fått namnet etter Efim Bogoljubov.

Kvit sitt tredjetrekk, 3.Sf3, leier springar til eit naturleg felt, men i motsetnad til 3.Sc3 blir ikkje ein ekspansjon i sentrum truga med 4.e4. Dei mest vanlege svara er 3...b6, som fører til Dronningindisk, 3...d5 som fører til Dronninggambit. 3...Lb4+ som definerer Bogoindisk er noko meir sjeldsynt, men blir likevel spelt på alle nivå. Opninga kan fort føre til avbytter, noko som lettar forsvarsarbeidet til svart.

Kvit har fem lovlege svar, der tre er gode.

  • 4.Ld2 er det mest vanlege. Kvit stoppar sjakken med løparen og trugar svart sin løpar. Svart sitt mest vanlege svar er no 4...De7, men den enklare varianten med 4...Lxd2+ og dei meir ambisiøse 4...a5 og 4...c5 vert også spelt.
  • 4.Sbd2 stoppar sjakken med ein springar som dermed vert teken til eit noko passivt felt. Til gjengjeld vil ein eventuell ...Lxd2+ frå svart gi kvit løparparet, og dersom svart vil unngå dette, så må som regel b4-løparen slå retrett.
  • 4.Sc3 fører til Kasparov-varianten av Nimzoindisk.