Bogstadvannet

Koordinatar: 59°58′21″N 10°37′06″E / 59.97250°N 10.61833°E / 59.97250; 10.61833
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bogstadvannet
innsjø
Bogstadvannet sett frå Voksenlia. Foto: Steinar Midtskogen
Land  Noreg
Fylke Akershus, Oslo
Kommunar Bærum, Oslo
Høgd over havet 145 moh.
Areal 1,096 km²
Middeldjupn 9,5 m
Kystlengd1 6,94 km
Koordinatar 59°58′21″N 10°37′06″E / 59.97250°N 10.61833°E / 59.97250; 10.61833
Kart
Bogstadvannet
59°58′N 10°37′E / 59.97°N 10.62°E / 59.97; 10.62
Wikimedia Commons: Bogstadvannet
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Bogstadvannet er eit vatn som ligg på grensa mellom kommunane Bærum og Oslo. Vatnet ligg 145 moh. og har eit areal på om lag 1 km². Utløpet frå Bogstadvannet er Lysakerelva, med oppdemming i 1931. Det største innløpet er Sørkedalselva.

Skøyteløp på Bogstadvannet med Bogstad Gård. Foto:Erlend Bjørtvedt

Bogstadvannet er ein populært badestad for folk i Oslo-området, med strender både på Oslosida (Sørkedalsveien) og på Bærumsida (Kråka). Det er òg ypparlege skiterreng på Fossum på vestsida. Bogstadvannet har åbor og er ein populært fiskestad både sommar og vinterstid. Langs sørbreidda ligg Oslo Golfklubb med den første golfbanen i landet frå 1924.

Bogstadvannet og denne delen av Lysakerelva er åstad for nokre av dei første industriforsøka i Noreg. Her låg ein stangjernshammar i seinmellomalderen, og Bogstad gård var opphavleg klostergods under nonneklosteret på Vålerenga.

Bogstadvannet sett frå Bogstad Gård.

Leuch-familien kjøpte godset med tilliggande skogseigedomar på 1650-talet. Den seinare eigaren Bernt Anker førte tømmer frå Nordmarka over Bogstadvannet, i eit transportsystem som omfatta Kjerraten i Åsa og akveduktar for tømmerrenning nedover Sørkedalen og over vatnet. Pålane og fundamenta er framleis synlege ute i Bogstadvannet nær Bærumsida. På Fossum ligg i dag eit sagbruk eigd av Løvenskiold.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Viken og Oslo å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.