Bogurodzica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bogurodzica-manuskriptet frå 1407.
Styrkar frå Det polsk-litauiske samveldet syng «Bogurodzica» før slaget. Måleri av Józef Brandt frå rundt 1909.

«Bogurodzica» (pl, 'Guds mor') er ein salme som er den eldste kjende dikttekstenpolsk. Den eldste nedskrivne versjonen av songen er frå 1407, men opphavet hans er eldre.[1] Diktaren og komponisten av songen er ukjend. «Bogurodzica» opnar med ei lovprising av jomfru Maria og ei bøn til henne om å få nåde frå sonen hennar. Deretter rettar han seg mot Jesus sjølv i ei bøn om frelse.

Songen har ei viktig tyding i polsk kultur, og verker å ha vore velkjend på 1400-talet. Han blei sungen før slaget ved Tannenberg (Grunwald) i 1410 og under slaget ved Varna i 1444. Han blei også brukt ved kroninga av dei første kongane frå huset Jagello. På 1500-talet blei han mindre viktig. Det arkaiske språket og den monofoniske, modale musikken gjer han vanskeleg å synga for den moderne allmugen. Songen blir likevel framleis framført i polske kyrkjer og kloster.[2]

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Polsk[3]
Bogurodzica dziewica, Bogiem sławiena Maryja,
U twego syna Gospodzina Matko zwolena, Maryja!
Zyszczy nam, spuści nam.
Kyrie elison!

Twego dziela Krzciciela, bożycze,
Usłysz głosy, napełń myśli człowiecze.
Słysz modlitwę, jąż nosimy,
A dać raczy, jegoż prosimy:
A na świecie zbożny pobyt,
Po żywocie rajski przebyt.
Kyrie elison!

Engelsk omsetjing[3]
Virgin, Mother of God, God-famed Mary!
Ask Thy Son, our Lord, God-named Mary,
To have mercy upon us and hand it over to us!
Kyrie eleison!

Son of God, for Thy Baptist's sake,
Hear the voices, fulfill the pleas we make!
Listen to the prayer we say,
For what we ask, give us today:
Life on earth free of vice;
After life: paradise!
Kyrie eleison!





Bruk i moderne musikk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Polish literature», Encyclopædia Britannica Online, 2014, henta 16. juni 2014 
  2. Maja Trochimczyk, BOGURODZICA, Polish Music Reference Center 
  3. 3,0 3,1 Zawadzki, Jarek (2007). Selected Masterpieces of Polish Poetry. Jarek Zawadzki. ISBN 1-4196-7999-6. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Bogurodzica ved Wikisource.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bogurodzica. Oprac. J. Woronczak, wstęp językoznawczy E. Ostrowska, oprac. muzykologiczne H. Feicht, Wrocław 1962. Biblioteka Pisarzów Polskich.
  • J.Birkenmajer, Bogurodzica Dziewica. Analiza tekstu, treści i formy, Lwów 1937.
  • S.Urbańczyk, "Bogurodzica". Problemy czasu powstania i tła kulturalnego, w: Prace z dziejów języka polskiego, Wrocław 1979.
  • A.Czyż, Bogurodzica - między Wschodem i Zachodem. Kilka myśli o duchowej jedności Europy, w: Światło i słowo. Egzystencjalne czytanie tekstów dawnych, Warszawa 1995