Bohai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart
Satellittbilde av Bohaibukta. (Kjelde: NASA)

Bohai eller Bohaibukta er den inste av buktene i Gulehavet og har kyst mot Kina i nord, vest og sør. Ho ligg søraust for Beijing, er 480 km lang og 29 km brei, og dekker eit område på rundt 823 000 km².

Namn[endre | endre wikiteksten]

Bohai (kinesisk 渤海, pinyin Bó Hǎi) tyder direkte omsett 'Bo-havet'

Fram til januar 1929 heitte bukta offisielt Chih-li-bukta. Chih-li (moderne transkripsjon Zhili) var eit tidlegare namn for provinsen Hebei. Eit anna tidlegare namn var Pechili-bukta.

På norsk er bukta også blitt kalla Pohaibukta etter ein tidlegare transkripsjon av Bohai.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Bukta grensar mot Liaodonghalvøya i nordaust og Shandonghalvøya i sør. Ho er delt inn i tre mindre bukter som heite Laizhou (i sør), Liaodong (i nord) og Bohai (i vest). Elvene Huang He, Liao He og Hai He renn ut i Bohai.

Bohai grensar til provinsane Shandong, Liaoning og Hebei, og til byen Tianjin som er ei eiga administrativ eining på provinsnivå. Blant hamnebyar ved Bohai kan ein nemna:

Bukta har nokre få øyar. Den viktigaste er Zhifu, som er del av byprefekturet Yantai i Shandong.

Togferja i Bohai.

Det er funne olje og naturgass i bukta.

Ei togferje som opna i 2007 kryssar den nordlege delen av bukta mellom Dalian og Yantai.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bohai

Kjelder[endre | endre wikiteksten]