Bohdan Bondarenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bohdan Bondarenko


Statsborgarskap Ukraina
Fødd 30. august 1989 (34 år)
Kharkiv
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2012 – Høydehopp herrer, VM i friidrett 2013, VM i friidrett 2015, EM i friidrett 2014, Friidrett under Sommar-OL 2016

Utmerkingar

3. klasse av Ukrainas fortjenesteorden, 2. klasse av Ordenen for fortjenester, 1. klasse av Ordenen for fortjenester

Bohdan Viktorovytsj Bondarenko[a] (fødd 30. august 1989) er ein ukrainsk høgdehoppar som vart verdsmeister i øvinga i 2013 og europameister i 2014.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bondarenko vart juniorverdsmeister i polske Bydgoszcz i 2008 med eit hopp på 2,26 m. Fram til 2012 hadde han forbetra den personlege rekorden til 2,31 m. I 2013-sesongen hadde han stor framgang; i slutten av juni forbetra han seg til 2,36 m i Birmingham og mindre enn ei veke seinare til heile 2,41 m i Lausanne. Under verdsmeisterskapen i Moskva kopierte han prestasjonen i Lausanne og vann VM-gullet.

Under Diamond League-stemnet i New York i juni 2014 tangerte Bondarenko den 27 år gamle europarekorden til Patrik Sjöberg, lydande på 2,42 m. Midt i august månad vann han høgdetevlinga under friidretts-EM i Zürich med eit bestehopp på 2,35 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ukrainsk skrift Богдан Вікторович Бондаренко

Kjelder[endre | endre wikiteksten]