Bohinjsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bohinj
Bohinj -
Koordinatar 46°16′N 13°48′EKoordinatar: 46°16′N 13°48′E
Tilknytte land Flag of Slovenia.svg Slovenia
Største lengde 4350 m
Overflateareal 3,18 km²
Høgd over havet 525 moh

Bohinj (slovensk Bohinjsko jezero) er den største permanente innsjøen i Slovenia.[f 1] Bohinj ligg i Bohinj kommune nordvest i landet i Triglav nasjonalpark.

Bohinj er 4,2 km lang og 1 km på det breiaste.[1] Bohinjsjøen har opphav som ein bresjø og er demd opp av ei morene.

Den størse elva som renn ut i innsjøen er Sava Bohinjka.[2]

Utsig frå innsjøen er Jezernica som renn saman med Mostnica og dannar Sava Bohinjka (som igjen dannar Sava i lag med Sava Dolinka).

Området er knytt til ei segn om ein skatt på toppen av Triglav og den legendariske bukken Zlatorog, ein kvit gemse med gyldne horn. Ein statue av bukken står ved innsjøen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bohinjsjøen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Royal Geographical Society (1856) «Wocheiner-See» A Gazetteer of the World: or, Dictionary of geographical knowledge, compiled from the most recent authorities and forming a complete body of modern geography -- physical, political, statistical, historical og ethnographical A. Fullarton, Edinburgh, Scotland, s. 529, OCLC 20348227
  2. Baedeker, Karl (1879) «Terglou: The Valley of the Wocheiner Save» The Eastern Alps: Including the Bavarian Highlands, the Tyrol, Salzkammergut, Styria og Carinthia (4th ed.) Dulau og Co., London, s. 353, OCLC 4018143

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Cerknicasjøen er ein periodisk innsjø som er større når han er fyllt opp, men som forsvinn heilt i tørre periodar.