Bokbuss
Bokbuss er ein buss som er fylt med bøker, som fungerer som eit omreisande bibliotek. Bokbussane har ofte faste ruter i distrikta eller til stader og institusjonar der lånarane har vanskeleg for å kome seg til bibliotek. I Noreg er bokbussen ein del av den oppsøkjande bibliotekverksemda tufta i biblioteklova frå 1985 og vert mellom anna drivne av fylkesbiblioteka.
I dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal går òg bokbåten «Epos».
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Den fyrste bokbussen i Noreg tok til å køyra rundt i Vestfold i 1948, men tenesta vart etterkvart ein viktig kultur- og kunnskapsformidlar over heile landet. I dag har kommunikasjonen vorte betre og det er lettare å reisa for folk. Saman med at det er lettare å henta informasjon via fjernsyn og Internett har dette ført til at bokbusstilbodet fleire stadar er i ferd med å verta lagt ned.
Galleri [endre]
-
Bokbuss i Karasjok.
-
Kommunal bokbuss i Göteborg.
-
Bokbuss i Tunisia.
-
Bokbuss i Nicaragua.
-
Bokbuss i Dresden i 1970.
-
Bokbuss i Washington i Maryland i USA i 1916. Bussen har heilgummidekk og han tykkjest ha elektrisk drift.
-
Hestedregen «bokbuss» i Warrington i Storbrittania rundt 1860.
Kjelde [endre]
- Omsett frå Wikipedia på bokmål, måndag 12. april 2011.
Sjå òg [endre]
|
|
|
|---|---|
| Busstypar |
Langdistansebuss · Bybuss · Leddbuss · Dobbeltdekkar · Kombinertbuss · Trolleybuss · Minibuss |
| Rutebussar | Rutebuss · Skulebuss · Ekspressbuss · Matebuss |
| Andre bussar |
Turistbuss · Opptaksbuss · Bokbuss · Bankbuss · Russebuss |