Bolaks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bolaks AS er eit oppdrettsselskap i Fusa i Vest-Noreg.

Selskapet blei skipa av brørne Egil, Reidar og Trygve Holmefjord. Dei byrja med å setja ut 50 laksar i Eikelandsosen i 1973, fortsette med 350 til i 1974, og i 1975 blei selskapet skipa og produksjonen auka. Same året starta Trygve Holmefjord eit fryseri, der det blei lagra laks og fôr til laksen. I 1976 fekk dei konsesjon for oppdrett av laks, aure og regnbogeaure.

I 1977 bygde selskapet eit eige slakteri, og året etter blei settefiskanlegget Sævareid Fiskeanlegg skipa, med stor innverknad av Holmefjord-brørne og lokale oppdrettarar. Etter kvart steig produksjonen, og i 1982 bygde dei ein smolthall på Lammaneset i Fusa. Fire år etter bygde dei eit nytt slakteri og eit nytt hovudkvarter på same lokalitet. I 1985-86 stod Bolaks for ca. 25 % av all rognproduksjon frå atlantisk laks i Noreg.

Osen Fisk blei kjøpt opp av Bolaks i 1983 og lisensen til Osen Fisk blei flytta til Fusa. Gjennom fleire oppkjøp har Bolaks 9 konsesjonar for oppdrett av matfisk.

Rudolf, ein 30 kilos oppdrettslaks, er eit resultat av avlsarbeidet som Bolaks har gjort for å få fram stor og rasktveksande fisk.