Bolesław I av Polen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bolesław I den modige
Boleslaus I.jpg
Hertug og konge av Polen
Regjeringstid Hertug: 99218. april 1025
Konge: 18. april - 17. juni 1025
Kroning 18. april 1025, Gnieznokatedralen i Polen
Fødd 966-967
Fødestad Poznań
Død 17. juni 1025
Dødsstad Poznań
Gravlagd St. Peter og Pauluskyrkja i Poznań
Føregjengar Mieszko I
Etterfølgjar Mieszko II
Koner Rikdaga
Judith
Emnilda
Oda
Kongehus Piast
Far Mieszko I
Mor Dobrawa
Born Med Judith: Bezprym
Med Emnilda: Regelina, Mieszko II og Otton
Med Oda: Matylda

Bolesław I den modige (polsk Bolesław I Chrobry, i fortida òg kjent som Bolesław I den store, polsk Bolesław I Wielki) (fødd 966 eller 967, død 1025) var hertug og seinare den første kongen av Polen. Han høyrte til Huset Piast.

Bolesław samla saman riket som far hans – Mieszko I – hadde fordelt mellom sønene sine. I byrjinga av regjeringstida si opprettheldt han landet sitt gode forhold til Det tysk-romerske riket og hjelpte Otto III i kampane mot polabarane. Han sendte òg i 997 St. Adalbert av Praha til Preussen for å omvende prøyssarane til kristendomen – ein misjon som enda i Adalbert sin martyrdom og påfølgjande kanonisering.

Etter Bolesław sitt ønske oppretta pave Sylvester II i 999 eit erkebispedøme i Gniezno og bispedøma i Kraków, Wrocław og Kołobrzeg (til då var det berre eitt bispedøme i Poznań).

I år 1000 reiste keisar Otto III på pilegrimsferd til St. Adalbert si grav i Gniezno, der det samstundes vart organisert ein kongress mellom han og Bolesław. Her gav han den polske hertugen tittelen Frater et Cooperator Imperii, og anerkjende samstundes det nye polske riket, så vel som sjølvstende til kyrkjeorganisasjonen i Polen.

Etter Otto døydde i 1002 vart forholdet til keisarriket dårleg. Otto sin etterfølgjar, Henrik II, endra haldninga til Bolesław, då han gjekk inn for ekspansjon snarare enn overeinskomst med Polen. Fleire konfliktar mellom dei to rika førte så til ein langvarig periode med spaning, delt i tre krigsfasar (1003-1005, 1007-1013, 1015-1018). Krigen tok slutt ved freden i Bautzen i 1018, og Bolesław kom sigrande ut av han. Mellom anna heldt dei nyerobra Milsko og Łużyce, og enda òg opp som hertug av Böhmen.

I 1003 inntok han på grunn av dynastikonfliktar i Přemyslidane i kort tid Tsjekkia og Praha, og erobra dessutan Morava og Slovakia. Rundt 1007 mista han derimot Vest-Pommern.

I 1018 utvida han makta til Polen austover gjennom erobringa av Kiev, og innlemma Rødrutenia (dagens Aust-Galicia, som Mieszko I hadde tapt i 981) i riket sitt.

I 1025, nokre veker før han døydde, kronet Bolesław seg sjølv til konge, og gjorde slik Polen om til eit kongedøme. Han etterlét eit større, styrkt og sameint rike. Bolesław hadde utvida Mieszko sitt rike kraftig med Milsko, Łużyce, Morava, Slovakia og Rødrutenia, men han tapte Vest-Pommern.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]