Bollin

Koordinatar: 53°24′N 2°26′W / 53.400°N 2.433°W / 53.400; -2.433
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bollin
elv
Bollin renn under den sørlege rullebanen til Manchester Airport i denne tunnelen
Land  England
Grevskap Cheshire
Tilløp
 - høgre Dean
Kjelde
 - stad Macclesfield Forest
Kart
Bollin
53°24′00″N 2°26′00″W / 53.4°N 2.43333°W / 53.4; -2.43333
Bollin og sideelveane hennar
Bollin og sideelveane hennar
Bollin og sideelveane hennar
Wikimedia Commons: River Bollin

Bollin er ei elv i Cheshire og Stor-Manchester i England. Ho er ei av dei største sideelvane til elva Mersey.

Elva har utspringet sitt i Macclesfield Forest i den vestlegaste delen av Peak District. Ho renn først mot vest, før ho snur mot nord og passerer gjennom byen Macclesfield, der Macclesfield Canal kryssar elva. Etter Macclesfield snur elva mot nordvest og held fram over slettene til byen Wilmslow. På vestsida av Wilmslow renn Bollin saman med den største sideelva si, Dean, som kjem inn frå nord etter å ha runne parallelt med Bollin berre ein dryg kilometer nord for denne. Elva renn deretter inn i Styal Country Park, der ho passerer den tidlegare bomullsfabrikken Quarry Bank Mill, som ved hjelp av eit vasshjul, brukte Bollin som kraftkjelde. Quarry Bank Mill er no eit museum for bomullsindustrien og ein av dei best verna tekstilfabrikkane frå den industrielle revolusjonen.

Rundt tre kilometer vest for Wilmslow blir Bollin ført i ein kulvert under den søre rullebanen på Manchester lufthamn. Over dei neste 15 kilometrane dannar elva den sørvestre delen av grensa mellom Stor-Manchester og Cheshire. På denne strekninga renn ho gjennom det flate jordbrukslandskapet sør for Altrincham. Ved Dunham Town kryssar Bridgwater Canal over elva. Bollin renn til slutt saman med Mersey rundt 2 km nord for Lymm, like ved staden der Mersey igjen skil lag frå Manchester Ship Canal, etter å ha vore ein del av kanalen frå Irlam.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

53°24′N 2°26′W / 53.400°N 2.433°W / 53.400; -2.433