Bollnäs kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bollnäs kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Gävleborgs län
Landskap Hälsingland
Del av Hälsingland, Q61663377, Q61663374
Centralort Bollnäs
Areal 1 827 km²
Folketal 26 249
Folketettleik 14,3 / km²
Kart
Bollnäs kommun
61°21′N 16°24′E / 61.35°N 16.4°E / 61.35; 16.4
Wikimedia Commons: Bollnäs Municipality
Nettstad: www.bollnas.se

Bollnäs kommun er ein kommune i Gävleborgs län i Sverige. Kommunen grensar til fem andre kommunar i Gävleborgs län, Hudiksvalls kommun i nordaust, Söderhamns kommun i aust, Ockelbo kommun i sør, Ovanåkers kommun i vest og Ljusdals kommun i nord. I tillegg grensar han til Falu kommun i Dalarnas län i sørvest. Administrasjonssenteret i kommunen er Bollnäs.

Landskapet i Bollnäs er skogkledt, kupert og vassrikt landskap. Elvane Voxnan og Ljusnan møtast i kommunen. Når det gjeld næringsliv, er kommunen dominert av teneste- og servicenæringar. Det er også noko industri, og då særleg verkstadindustri, i Bollnäs kommun.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

I 1863 vart seks landskommunar, altså like mange som det hadde vore sokn, oppretta på det området som i dag er Bollnäs kommun då kommunalforordningane tredde i kraft. I 1888 vart Bollnäs municipalsamhälle innlemma i Bollnäs landskommun, og i 1906 braut municipalsamhället ut av kommunen og oppretta Bollnäs köping. Året etter vart Arbrå municipalsamhälle innlemma i kommunen med same namn. Nokre år seinare, i 1919, vart Björkhamre municipalsamhälle innlemma i Bollnäs landskommun, men braut allereie i 1923 ut for å opprette Björkhamre köping. I 1942 vart dei to köpingane slått saman og Bollnäs stad vart oppretta.

Kommunereforma i 1952 gjorde til at Undersvik vart innlemma i Arbrå landskommun, medan Segersta vart innlemma i Hanebo landskommun. Bollnäs stad vart ikkje påverka på dette tidspunktet, men i 1959 vart landskommunen innlemma i byen. I vart 1971 einskapleg kommunetype innført, og Bollnäs stad vart Bollnäs kommun. I 1974 vart endå meir innlemma i Bollnäs kommun, då Alfta, Arbrå, Hanebo og Rengsjö. Men etter berre tre år, vart i 1977 Alfta församling overført til Ovanåkers kommun.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: På blå bakgrunn, ei trane av sølv med isse, bein og nebb i raudt som held ein raud stein i den oppløfta høgrefoten sinm, og står ovanfor to bølgjeforma strekar av sølv.[1]

For Bollnäs stad vart det i 1943 fastsett eit våpen som inneheldt ei trane (teken frå eit soknsegl frå 1600-talet) og eit hjul, som symboliserte jernbana. Etter kommunesamanslåinga vart våpenet endra (jernbana vart ikkje sett på som like viktig då), og dei to bølgjestrekane som syboliserer elvane Ljusnan og Voxnan kom med. Våpenet vart regstrert i Patent- och registreringsverket i 1976. Bølgjestrekane kjem opphavleg frå våpenet til Alfta, og vart henta inn i den korte perioden Alfta var innlemma i Bollnäs.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er åtte tettstader i Bollnäs kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Bollnäs 12 455
2. Arbrå 2 262
3. Kilafors 1 124
4. Lottefors 391
5. Sibo 351
6. Segersta 329
7. Vallsta 280
8. Rengsjö 272

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]

  1. «I blått fält en trana av silver med hjässa, ben och näbb röda, vilken i sin upplyftade högra fot håller en röd sten, stående ovanför två av vågskuror bildade strängar av silver.».