Bologna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bologna
Utsyn over Bologna.
Utsyn over Bologna.
Plassering
Bologna is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Emilia-Romagna
Bologna
Borgarmeister Sergio Cofferati
Geografi
Flatevidd
 - By

140,73 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

373 026
  2656/km²
Koordinatar 44°30′″N 11°21′″EKoordinatar: 44°30′″N 11°21′″E
Høgd over havet 54 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 40100
Telefon-retningsnummer 0 51
Nettstad: www.comune.bologna.it

Bologna (uttale [boˈloɲɲa], Høyr Høyr) er ein universitetsby nord i Italia. Han er hovudstad i provinsen Bologna og i regionen Emilia-Romagna, og har rundt 375 000 innbyggjarar (2006). Han ligg på Posletta mellom elva Po og fjella Appenninane, om lag midt mellom Verona og Firenze og midt mellom elvane Reno og Sàvena.

Byen har tilnamnet la grassa ('den feite'), noko som viser til dei lokale mattradisjonane. La rossa ('den raude') er eit anna tilnam som anten skal visa til fargen på fasadane i byen, i kontrast til 'den kvite' Firenze, eller til den venstreorienterte politikken mange innbyggjarar støtter.

Universitetet i Bologna, eit av dei eldste universiteta i verda, vart oppretta i 1088 og er rekna som vogga til den moderne rettsvitskapen. Nokre kjende professorar frå dette universitetet er Romano Prodi, statsminister i Italia, og forfattaren og filosofen Umberto Eco.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bologna vart grunnlagd av etruskarar under namnet Felsina (om lag 534 f.Kr.) i eit område som tidlegare hadde vore busett av villanovarar, eit folk av bønder og gjetarar. Den etruskiske byen voks opp rundt ein heilagdom bygd på ein åstopp, og var omgjeve av ein gravplass.

300-talet fvt. vart byen erobra av boiarane, ei gallisk stamme. Dei gav opphav til namnet på den romerske kolonien Bononia som vart grunnlagd her om lag 189 fvt. Bygginga av romarvegen Via Aemilia i 187 fvt. gjorde Bologna til eit trafikknutepunkt og var forbunde til Arezzo med vegen Via Flaminia minor og til Aquileia med vegen Via Aemilia Altinate.

I romartida varierte folketalet mellom om lag 12 000 og 30 000 innbyggjarar. Då han var på topp var han den nest største byen i Italia og ein av dei viktigaste i heile Riket, med forskjellige tempel og bad, eit teater og ein arena. Ein bybrann øydela store delar av byen under regjeringstida til Claudius, men keisar Nero bygde han opp att i det 1. hundreåret evt.

Etter ei lang nedgangstid vart Bologna vekka til live igjen på 400-talet under biskopPetronius, som i følgje segna bygde kyrkja S. Stefano. Etter Romarriket sitt fall vart Bologna ein skanse for Eksarkatet Ravenna på Posletta, og vart forsvart av fleire murar. I 728 vart byen erobra av langobardar-kongen Liutprand og vart ein del av Det lombardiske kongedømet. Germanske erobrarar danna ein bydel kalla «addizione longobarda» nær S. Stefano, der Karl den store opphaldt seg i 786.

Modell av Bologna, truleg av Dante mellom 1000- og 1200-talet.

1000-talet voks Bologna til å verte ein fri kommune og vart med i Det lombardiske forbundet mot Fredrik Barbarossa på 1164. I 1088 vart Studio grunnlagd, i dag det eldste universitetet i Europa, som hadde mange kjende lærde som studentar i mellomalderen, som Irnerius Dante, Boccaccio og Petrarca. På 1100-talet voks Bologna utanfor bymurane og nye bymurar stod ferdig på 1300-talet.

I 1256 kunngjorde Bologna Legge del Paradiso («Paradislova»), som avskaffa den føydale liveigenskapen og sette fri alle slavar med offentlege midlar. På denne tida var byen fylt av tårn (kanskje 180), bygd av førande familiar, kjende offentlege bygg, kyrkjer og kloster. I 1294 var Bologna kanskje den femte eller sjette største byen i Europa etter Cordoba, Paris, Venezia, Firenze og truleg Milano, med 60 000 til 70 000 innbyggjarar.

Som dei fleste andre italienske byar på denne tida sleit Bolgona med indre stridar, som førte til at Lambertazzi-familien vart kasta ut av Ghibelline-familien i 1274. Etter at Bologna vart knust av Modena i slaget ved Zappolino i 1325 starta ei nedgangstid for byen og dei bad om vern hos paven på byrjinga av 1300-talet. Under Svartedauden i 1348 omkom om lag 30 000 innbyggjarar.

Groschen frå Bentivoglio-perioden (1400-talet).
Dei kjende tårna i Bologna.
Tårnet Asinelli.

Etter dei lukkelege åra under styret til Taddeo Pepoli (1337-1347) vart Bologna underlagt Huset Visconti i Milano, men kom tilbake til Kyrkjestaten under kardinal Gil de Albornoz i 1360. Dei neste åra veksla byen mellom forskjellige republikanske styre, som det i 1377 som bygde Basilica di San Petronio og Loggia dei Mercanti, i tillegg til å restaurere andre bygg. På midten av 1400-talet fekk Bentivoglio-familien styret i Bologna. Denne perioden var ei ny blømande tid for byen med mange arkitektar og kunstnarar som gjorde Bologna til ein verkeleg kunstnarby. Under renessansen var Bologna den einaste byen i Italia som lét kvinner få utmerke seg i eit fag, og kvinnene her hadde mykje meir fridom enn i andre italienske byar. Enkelte av kvinnene kunne til og med få universitetsutdanning.

Giovanni sitt styre enda i 1506 då pave Julius II sine troppar omleira Blogna og plyndra kunstskattane i palasset sitt. Frå den tid og fram til 1700-talet var Bologna ein del av Kyrkjestaten, styrt av ein cardinal legato og av eit Senat som annan kvar månad valde ein gonfaloniere (domar), assisterte av åtte eldre konsular. Byen hald fram med å bløme, men ein pest på slutten av 1500-talet reduserte folketalet frå 72 000 til 59 000, og ein annan i 1630 til 47 000. Folketalet stabiliserte seg seinare på omkring 60 000. I 1564 vart Piazza del Nettuno og Palazzo dei Banchi bygd, i tillegg til Archiginnasio, setet til universitetet. I perioden under Kyrkjestaten vart det bygd mange kyrkjer og andre religiøse bygg og dei eldre kyrkjene vart renovert. Bolgona hadde 96 nonnekloster, meir enn nokon anna by i Italia. Av kunstnarar frå denne perioden, som arbeidde ved den bolognesiske skulen, finn ein Annibale Carracci, Domenichino, Guercino og andre.

Palasset til Kong Enzo.
Piazza Nettuno og Piazza Maggiore i bakgrunnen.

Napoleon erobra området vart Bologna hovudstad i Repubblica Cispadana og seinare den nest viktigaste byen i Repubblica Cisalpina og Kongedømet Italia etter Milano. Etter Napoleon sitt fall, gjekk Bologna til bake til Kyrkjestaten, men gjorde opprør i 1831 og igjen i 1849, då han mellombels kasta ut den austerrikske garnisonen som kommanderte byen fram til 1860. Etter å ha vorte vitja av pave Pius IX i 1857, stemde innbyggjarane byen for ei samanslåing med Kongedømet Sardinia den 12. juni 1859 og vart ein del det samla Italia.

I den nyoppretta staten vart Bologna eit viktig kultursenter, og i tillegg eit senter for handel, industri og eit viktig trafikknutepunkt. Innbyggjartalet voks på byrjinga av 1900-talet og bymurane vart tatt ned (bortsett frå eit par gjenverande restar) for å byggje nye hus til alle innbyggjarane.

Byen vart hardt råka av nærkampar under den andre verdskrigen, men kom seg raskt på fote att og er i dag ein av dei rikaste og mest utvikla byane i Italia.

2. august 1980 førte ei stor bombe på den sentrale togstasjonen til at 86 menneske mista livet. Berre to månadar tidlegare hadde eit fly styrta ved byen under mistenkjelege omstende.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bologna

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!