Bolsjaja Koksjaga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bolsjaja Koksjaga
Russian-Kokshaga.jpg
Munning Kujbysjevskoje-reservoaret i Volga
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 297 km
Middelvassføring 95,7 m³/s
Nedslagsfelt 6 330 km²

Bolsjaja Koksjaga (russisk Большая Кокшага; marisk Кугу Какшан, Kugu Kakšan) er ei elv i Kirov oblast og Mari El i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 297 km lang og har eit nedslagsfelt på 6 330 km². Elva tilførsel av vatn frå snø og regn, og frå november til april er elva vanlegvis islagd.

Elva spring ut frå barskogane i Kirov oblast der området er tynt folkesett av russarar og marifolket. Dei største busetjingane ved Koksjaga er Kiknur og Santsjursk i Kirov oblast. I Mari El renn elva gjennom Marisenkinga, der ein finn blandingsskog og myrområde. Her finn ein òg Bolsjaja Koksjaga-reservatet. Bolsjaja Koksjaga renn òg gjennom Kujbysjev-reservoaret, og så ut i Volga nær Koksjaisk i Mari El.

Den største sideelva til Bolsjaja Koksjaga er Bolsjoj Kundysj.

Rafting[endre | endre wikiteksten]

Rafting er populært på Bolsjaja Koksjaga om våren frå april til mai. Om sommaren vert elva grunn og blokkert av tømmerstokkar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]