Laba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bolsjaja Laba)
Laba
elv
Laba i Krasnodar kraj
Land  Russland
Nedslagsfelt 12 500 km²
Lengd 347 km
Middelvassføring 95,7 /s
Munning Kuban
Kart
Laba
44°17′11″N 40°53′43″E / 44.2863°N 40.8952°E / 44.2863; 40.8952
Wikimedia Commons: Laba River

Laba (russisk Лаба) er ei elv i Nord-Kaukasus i Russland og ei av sideelvane til Kuban frå venstre. Etter at Store Laba og Vesle Laba renn saman vert elva berre kalla Laba. Desse elvane har utspring ved isbreane på nordsida av Store Kaukasus. Lengda på elva medrekna Store Laba er 347 km og med Vesle Laba 214 km. Elva har eit nedslagsfelt på 12 500 km². I øvre delen av Laba renn ho gjennom djupe gjel og kløfter, medan den nedre delen av elva er langt rolegare. I nærleiken av munningen har elva ei middelvassføring på 95,7 m³/s. Laba frys til i slutten av desember, men ikkje kvart år, og vert isfri att i slutten av februar eller byrjinga av mars.

Dei viktigaste sideelvane hennar er Laby og Tsjamlyk frå høgre og Fars frå venstre. Elva vert nytta til vatning.

Store Laba[endre | endre wikiteksten]

Store Laba har utspring ved fjellet Psjisj (3790 moh) i Karatsjajevo-Tsjerkessia på grensa til Abkhasia. Elva tar imot ei rekkje sideelvar. Den høgre sideelva Pkhija spring ut frå Zakyn-Syrt (3097 moh). Av sideelvar frå venstre finn ein Santsjaro, Makera, Mamkhurts, Damkhurts, Zakan og Beskes. Det ligg fleire landsbyar ved elva, som Pkhija, Zagedan, Damkhurts, Rozjkao, Psemen, Kurdzjinovo, Jersjov, Podskalnoje, Predgornoje og andre i Karatsjajevo-Tsjerkessia og Akhmetovskaja, Tsjernoretsjenskaja, Gofitskij i Krasnodar. Ved KalLenkjetitteladzjinskaja renn Store Laba i lag med Vesle Laba.

Vesle Laba[endre | endre wikiteksten]

Vesle Laba eller Malaja Laba spring ut frå brear i fjella Tsakhvoa (3345 moh) i Krasnodar kraj i Kaukasus biosfærereservat. Vesle Laba renn gjennom byen Psebaj og ei rekkje russisk, kosakkstader, gardar og landsbyar.

Laba[endre | endre wikiteksten]

Sjølve Laba renn over eit flatt område i Karsnodar kraj. Etter den urbanliknande busetnaden Mostovskoj renn ho langs grensa til Adygeja. På høgre sida av elva, i Krasnodar, ligg byane Labinsk og Kurganinsk, og dei mindre stadaneZassovskaja, Vladimirm Rodnikovskaja Temirgojevskaja, Vozdvizjenskaja, Tenginskaja, Novolabinskaja og Nekrasovskaja. På den andre sida av grensa finn ein dei russiske landsbyane Hodz, Natyrbovo, Kosjekhabl, Egerukhaj, Sokolov, Psjizo, Dzjambitsji, Saratov og Khatukaj. Laba munnar ut i Kuban ved byen Ust-Labinsk.

På dei flate slettene tar Laba imot mange sideelvar, dei fleste av dei regulert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]