Bolsjoj Begitsjev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Malij Begitsjev og Bolsjoj Begitsjev i Khatangabukta.

Bolsjoj Begitsjev (russisk Большой Бегичев eller Bolsjoj Begitsjev, «Store Begitsjev») er ei øy i Laptevhavet i Russland. Ho har eit areal på 1764 km². Øya ligg i Khatangabukta (russisk Хатангский залив) og deler bukta i to sund.

Ein NAVTEX kyststasjon ligg på øya.

Nærliggande øyar[endre | endre wikiteksten]

  • 8,5 km lenger vest ligg ei mykje mindre øy kalla Malij Begitsjev («Vesle Begitsjev»). Ho er 15 km² stor. Dei to øyane høyrer til forskjellige administrative område i Russland. Malij Begitsjev høyrer til Krasnojarsk kraj, medan Bolsjoj Begitsjev høyrer til republikken Sakha. Begge øyane er kalla opp etter den russiske polfararen Nikifor Begitsjev.
  • Nord for Bolsjoj Begitsjev ligg den vesle øya Preobrazjenija. Ho er ei avlang granittøy som var eit nyttig landmerke for skip som segla langs Nordaustpassasjen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]