Bolsjoj Jugan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bolsjoj Jugan
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 34 700 km²
Lengd 1 063 km
Munning Ob
Kart
Bolsjoj Jugan
61°04′00″N 73°10′19″E / 61.06666667°N 73.17194444°E / 61.06666667; 73.17194444
Wikimedia Commons: Bolshoi Yugan River

Bolsjoj Jugan (russisk Большой Юга́н) er ei elv søraust i Khanty-Mansia i Russland og ei av sideelvane til Ob frå venstre. Elva er 1063 km lang og har eit nedslagsfelt på 34 700 km².

Elva oppstår i Vasiuganja-myrene og renn gjennom våtmarksområde på Den vestsibirske sletta. Ho har mange sideelvar og den største av desse er Malyj Jugan. Det finst om lag 8000 innsjøar i tilsigsområdet hennar med eit samla areal på 545 km². Bolsjoj Jugan er islagd frå oktober til tidleg i mai.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]