Bolsjoj Karaman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bolsjoj Karaman
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 4 260 km²
Lengd 198–220 km
Kjelde Obsjtsjij Syrt
Munning Volga
Kart
Bolsjoj Karaman
51°42′56″N 46°38′03″E / 51.7155°N 46.6342°E / 51.7155; 46.6342

Bolsjoj Karaman (russisk Большой Караман) er ei elv i Saratov oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 198-220 km lang og har eit nedslagsfelt på 4 260 km².

Den variererande lengda kjem av at dei øvre delane av elva tørkar inn om sommaren. Elva spring ut frå Obsjtsjij Syrt og munnar ut i Volgograd-reservoaret mellom byane Engels og Marks.

Dei største sidelvane hennar er Nakhoj og Wort frå høgre, og Metsjetka og Grjaznuba frå venstre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]