Boltit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Boltit

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Boltit, hannfuglFoto: Helwig Brunner
Boltit, hannfugl
Foto: Helwig Brunner

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Charadriidae
Slekt: Charadrius
Art: C. morinellus
Vitskapleg namn
Charadrius morinellus
Boltit
Namn på andre språk
Svensk Fjällpipare
Dansk Pomeransfugl
Engelsk Dotterel, Eurasian Dotterel
Tysk Mornellregenpfeifer
Fransk Pluvier guignard
Spansk Págalo pomarino, salteador pomarino
Russisk Khrustan (Хрустан), glupaja rzjanka (глупая ржанка)

Boltit (Charadrius morinellus) iblant (Eudromias morinellus) er ein monotypisk trekkfugl som hekkar i fjelltrakter i det nordre Eurasia.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Juvenil

Boltiten er ein middelsstor vadefugl med ei lengd på 21 til 24 cm. Fuglen har eit vent uttrykk og i alle drakter ein kort svartgrå nebb, grøngule bein, eit lyst tverrband på brystet, kraftige augebrynsstrekar som går i hop i nakken i eit V-teikn. Nedanfor augebrynsstrekane går mørkare grå beige strekar som startar ved auga på fuglen. Hovudet har ei lengdestripete svart vatring. Dei adulte fuglane har raudbrune bryst som går over i svart under buken. Undergumpen er kvit. Ovanfor tverrbandet på brystet er fuglen jamt grå, sameleis på ryggen. Under nebben og på kinna er den adulte fuglen kvit. Hoene si adulte fjørdrakt er meir distinkt enn hannane si. Boltit i vinterdrakt og juvenil drakt minner om kvarandre. Sams er lyst beige undersider med gule toner og ei elles gråvatra drakt der juvenilen har tydelegare kvite bremmar. Den lyse augebrynsstreken er også gult beige i nakken på desse draktene.

I flukt verkar oversidene på vengane einsfarga gråsvarte utan vengeband. Fuglen har ein lys spole på ytste handsvingfjørene.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Boltiten vert ofte rekna til slekta strandloar Charadrius. Boltiten skil seg på mange måtar frå dei andre fuglane i gruppa og det resulterer i at somme plasserer boltiten i ei eiga slekt, Eudromias.

Biotop, utbreiing og trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Boltiten er ein trekkfugl som først og fremst hekker i det nordlege og midtre Skandinavia, det nordre Russland, Mongolia, Kina og Alaska, men også til fjells i det midtre og sørlege Europa. Om vinteren held dei europeiske boltitane til i det nordre Afrika og i Midtausten som til eksempel Israel, Jordan, Irak, Saudi-Arabia, Kuwait og Iran. Boltitar har også vinterkvarter i Spania der dei iblant også hekker.[1]

Førekomst i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Boltiten hekker frå Setesdalsheiane i sør til lengst nord og aust i Finnmark, og oftast til fjells ovanfor tregrensa. Bestanden er truleg på 30 000 par, og to tredjedelar av denne finst frå Nord-Trøndelag og sørover. Best likar boltiten fjellplatå med kort vegetasjon, der reira kan ligge relativt tett. I Troms og Finnmark hekkar boltiten også i låglandet.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Hann med ungar.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Charadrius morinellus

Boltiten kan treffast på hekkeplassane frå midt i mai, dit dei kjem rett frå vinterkvartera utan å stoppe i låglandet, og vert verande fram til midt i eller seint i august. Reiret vert plassert i ei enkel grop direkte på marka på stader med kort vegetasjon. Hoa legg fire pæreforma egg. Boltiten har såkalla omvend kjønnsorden, slik som symjesnipene. Hoa har den fargesterke fjørdrakta, forsvarer reviret og reiser først, medan hannen tek hand om mesteparten av ruginga og omsorga for ungane.

Når fuglen har ungar og kjenner seg trua spelar han skada og sleper vengane og stjerten etter seg på marka. Elles kan boltiten vere svært lite sky og fuglekjennarar har fortalt om korleis boltitar, rett før egga vert klekte, har lagt seg til å ruge i handa på observatøren.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Boltiten et i hovudsak insekt, framfor alt biller, samt fluge- og mygglarver. På menyen står også vaksne fluger og mygg, sommarfugl- og målarlarver, grashopper, sirissar, saksedyr, maur og edderkoppar. I mindre grad et boltiten også sniglar, meitemark, blad, frø, bær og blomster.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Norsk Fugleatlas, 1994.
  • Wahlberg,T. (1993) Kunskapen om fåglar: Alla häckande arter i Sverige , Stockholm: Rabén & Sjögren. ISBN 91-29-61772-3
  • Mullarney, K. Svensson, L. Zetterström, D. (1999) Fågelguiden, Europas och medelhavsområdets fåglar i fält. Stockholm: Albert Bonniers förlag

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lars Larsson, Birds of the World, 2001, CD-rom

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]