Bomere Pool

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bomere Pool
Stad Shropshire i England
Koordinatar 52°40′N 2°44′WKoordinatar: 52°40′N 2°44′W
Type innsjø Oligotrofisk innsjø
Tilknytte land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Overflateareal 0,103 km²
Største djupne 15,2 m

Bomere Pool er ein innsjø mellom landsbyane Bayston Hill og Condover i Shropshire i England, 7,5 km sør for byen Shrewsbury.

Innsjøområdet var ein gong open for alle, men er no privateigd og senter for vassport året rundt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Det meste av Shropshire var dekt av is under den siste istida, om lag 18 000 år sidan. Då isen trekte seg attende la han att store isblokker, ofte omringa og dekte med morener, grus og leire. Då isen til slutt smelta, kollapsa sedimenta i hol eller senkingar kalla jettegryter. Desse hola hadde ikkje drenering og vart anten til innsjøar med bratte sider, vanlegvis kalla mere i Shropshire, eller fullstendig fylt med leire og torv og vart ei mosemyr. Bomere Pool er eit særleg godt døme på ein mere.[1]

Eldre historie[endre | endre wikiteksten]

Bomere Pool har vorte nytta av menneske i tusenvis av år. Det er gjort arkeologiske funn rundt innsjøen som tyder på at det var ein busetnad her i jernalderen. To tusen år seinare låg det ein stor romersk militærleir her og ein tilknytt sivil busetnad.[2]

Nyare historie[endre | endre wikiteksten]

I 1986 oppdaga ei kvinne på tur beina frå ein ullhåra mammut.[3]

Mellom 1960- og 1980-åra var innsjøen ein populær stad for dei lokale innbyggjarane, som drog hit på varme sommardagar for å bade og ete i dei mange små kaféane som låg her.

I dag[endre | endre wikiteksten]

I 1989 vart innsjøen, stranda og fasilitetane rundt lukka og kjøpt opp av private. Det vart ein del av Wakeboard & vasski Club som nyttar innsjøen til vassport.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Skat av isen
  2. Bomere Pool History
  3. The Bomere Mammoths

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]