Bomullspinne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein bomullspinne.

Bomullspinnar (ofte kalla Q-tips) er små plast- eller trepinnar med bomull på kvar ende. Dei er mindre enn ein finger, og gjer at ein kan utføra småarbeid nettare. Bomullspinnar vert ofte brukt i medisinen, til personleg hygiene, sminkebruk og til kunst og handverk. Ein utbreidd bruk er reingjering av øyre, men det er berre tilrådd å bruka bomullspinnar i foldane på det ytre øyret ettersom det kan medføra skade på øyret å stikka gjenstander inn i øyregangen.

Bomullspinnen vart oppfunnen i 1922 av polsk-amerikanske Leo Gerstenzang, som la merke til korleis kona festa små bomullsdottar til tannpirkarar for å stella småbarnet deira. Han lanserte ferdige bomullspinnar, og kalla først produktet sitt «Baby Gays» og seinare «Q-tip Baby Gays», der Q stod for «quality». Dette blei seinare korta ned til «Q-tips», som fleire stader blei eit utbreidd namn for alle bomullspinnar. Selskapet Unilever eig i dag merket Q-tips.

Ein kan mellom anna ta DNA-prøvar med bomullspinnar.

Pinnen inni produktet var opphavleg av tre, men etterkvart tok ein også i bruk papirrullar og plast. Bomullspinnar til medisinsk bruk blir framleis laga med trepinnar, som kan steriliserast ved høge temperaturar. Desse pinnane er rundt 15 cm lange, og har berre bomull i eine enden. Bomullspinnar til hushaldningsbruk er rundt 8 cm lange og har bomull i begge endar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]