Bon Scott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Statue av Bon Scott i Freemantle

Ronald Belford «Bon» Scott (9. juli 194619. februar 1980) var ein britisk-australsk musikar, best kjend som vokalist for hard rock-bandet AC/DC i perioden frå 1974 til han døydde i London i 1980.

Barndom og ungdom[endre | endre wikiteksten]

Bon Scott sine foreldre var Charles og Isabelle Scott, og han var fødd i den skotske småbyen Kirriemuir, der han budde til han var seks år. Så flytta familien til Melbourne i Australia. Allereie i første klasse på skulen viste han at han hadde anlegg for musikk, og han begynte med å spele blokkfløyte, og deretter trommer og piano. Då han blei femten år hoppa han av frå skulen og begynte i fleire jobbar, som blant anna traktorsjåfør, arbeidar på ein fiskebåt og vektmålemaskin-mekanikar.

Mange forskjellige band[endre | endre wikiteksten]

I 1966 begynte Bon for bandet The Spectors, som trommeslagar og vokalist. I 1967 gjekk han over til The Valentines. The Valentines gav ut tre plater som kom på dei lokale topp-listene, She Said, Pelicular Hole In The Sky og My Old Man's A Groovy Old Man. I 1970 blei medlemmane i The Valentines arrestert for å ha ulovlege substansar (narkotika). Etter kvart fekk Bon tilbod frå progressiv rock-bandet Fraternity om å bli med i deira gruppe, og han takka ja. Fraternity gav ut to plater for RCA Australia, Live Stock i 1971 og Flaming Galah i 1972. Dei bestemte seg for å prøve lykka i Europa og i mesteparten av 1973 reiste dei rundt på kontinentet. Dei fekk blant anna ros frå bandet Geordie, der Brian Johnson, som seinare overtok for Bon Scott i AC/DC, var vokalist.

AC/DC[endre | endre wikiteksten]

I 1974 fekk Bon tilbod om å kome på audition til AC/DC. Det blei mykje fram og tilbake, og han tilbaud sine tenester både på bass og trommer, men etter at Dave Evans tabba seg ut på ein konsert fekk han jobben som vokalist. Han blei bandet sin frontfigur og var den som førte AC/DC inn i rampelyset. Bon var vokalist på albuma High Voltage, T.N.T., Dirty Deeds Done Dirt Cheap, Let There Be Rock, Powerage og Highway to Hell. Under turneen til Powerage blei det gjort opptak av konserten i Apollo theatre i Glasgow, og dette resulterte i live-albumet If You Want Blood You've Got It. Albuma Back in Black og For Those About to Rock som blei gitt ut etter at han døydde, er dedikert til han. Back In Black er ei av dei mest selde platene gjennom historia, uavhengig av sjanger.

Bon Scott si grav

Ronald Belford Scott døyr[endre | endre wikiteksten]

Miljøet han vanka i bestod av mykje festing og natteliv og Bon Scott levde eit hardt liv. Han hadde eit stort forbruk av alkohol, og det må kunne seiast at han var alkoholikar[1][2]. Den 19. februar 1980 ende dette i tragedie. Bon Scott hadde vore på ein fest i London, hadde fått i seg store mengder alkohol. Han blei så køyrd heim av ein kjenning, og somna på turen. Bon blei lagt igjen i bilen då sjåføren hans ikkje klarte å flytte han. Dagen etter låg Bon på same stad, og ein ambulanse blei tilkalla. Han blei erklært død då han kom til Kings College Hospital. Dødsårsaka var offisielt akutt alkoholforgifting [3] men inntrenging av mageinnhald i lungene var også medverkande[4]. Familia gravla han på Fremantle Cemetery's Memorial Garden i Fremantle, Australia, byen der han hadde vakse opp etter at familien flytta dit.

Etter Bon[endre | endre wikiteksten]

Etter tragedien med dødsfallet til Bon Scott var framtida til AC/DC usikker, men Malcolm Young sa at han visste at Bon sitt ønske var at dei skulle halde fram. Brian Johnson blei deretter bandet sin nye vokalist. Malcolm forklarer det slik: «We knew he had to be good because even Bon liked him, and Bon didn't like many people!»

Den 24. februar 2008 blei det også halde ein hyllingskonsert til minne om Bon Scott i samband med avdukinga av ein bronse-statue av han i Claremont Showgrounds i Perth. Under avdukinga opptrådde fleire australske rockeband som Rose Tattoo, The Angels, The Screaming Jets og The Party Boys, med den originale AC/DC-vokalisten Dave Evans, og den tidlegare AC/DC-bassisten Mark Evans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Walker, Clinton (1994), Highway to Hell: The Life and Times of AC/DC Legend Bon Scott, Verse Chorus Press, ISBN 0-283-06263-0
  2. Stenning, Paul (2005), AC/DC - Two Sides to Every Glory, Chrome Dreams, ISBN 1-842-40308-7
  3. Bon Scott sin dødsattest
  4. «Scott [had] choked on his own vomit [in his sleep].» Back in Black 1980,2003 CD booklet.