Bonaire
|
|||||
| Status | nederlandsk oversjøisk territorium | ||||
| Guvernør | Lydia Emerencia | ||||
| Hovudstad | Kralendijk | ||||
| Offisielt språk | Nederlandsk, papiamento | ||||
| Areal - % vatn |
294 km² 0 |
||||
| Folketal - totalt |
ca. 1566 (2010) |
||||
| Verdsdel | Sør-Amerika | ||||
| Internet-domene | .an, .nl | ||||
| Tidssone | UTC -4 | ||||
| Internasjonal telefonkode | +599 | ||||
| Nasjonalsong | Tera di Solo y suave biento | ||||
Bonaire er ei øy og ein nederlandsk kommune som ligg nord for kysten av Venezuela. Tidlegare utgjorde Bonaire ei administrativ eining saman med naboøyane Aruba og Curaçao, men frå og med oppløysinga av dei nederlandske antillane i 2010 er desse tre øyane separate einingar underlagt Nederland. Bonaire består offisielt av hovudøya Bonaire (288 km2), og den folketomme Klein Bonaire (6 km2).
Historie [endre]
Menneska har butt på Bonaire heilt sidan ca. 1000 e. Kr, då ein reknar med at Caquetio-indianarane kom i kano frå fastlandet i dagens Venezuela. Ein har funne talrike holemåleri og helleristingar etter dei på øya. Truleg var Caquetio-ane eit høgt folk, for det spanske namnet på Bonaire er las Islas de los Gigantes - øya til kjempene.
Då europearane oppdaga øya ca. år 1500, tok dei dei innfødde til slavar for seg. Utover 1500-talet importerte spanjolane mengder av husdyr til Bonaire. Etter ein langvarig strid mellom Nederland og Spania erobra nederlendarane Bonaire på 1600-talet, og bygde eit fort her i 1639. Bonaire blei heretter ei plantasjeøy, og ein del slavar vart henta hit frå Afrika.
Under Napoleonskrigane tok Storbritannia kontroll over øya, men Nederland fekk henne tilbake i 1814. Busetnaden som i dag er Kralendijk vart grunnlagt av britiske handelsfolk i 1810. Utover 1800-talet vart slavane frigjorte.
Bonaire tente som britisk og amerikansk protektorat under andre verdskrigen, og USA bygde då ei flystripe her, Flamingo internasjonale lufthamn. I etterkrigstida blømte økonomien for øya; her kom eigen klesbutikk, radiostasjonar og aukt saltproduksjon. I 1975 vart også eit petroleumsselskap grunnlagt på Bonaire. I dag lever Bonaire i stor grad av turisme.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Bonaire frå Engelsk Wikipedia .