Bondalen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bondalen er eit grendelag i Hjørundfjord, Ørsta kommune i Møre og Romsdal fylke.
Bygdesenteret nedst i den ei mil lange dalen heiter Sæbø. Her ligg Hjørundfjord kyrkje, barne- og ungdomsskulen og ei rekke andre viktige kommunale tenester for bygdelaga kring Hjørundfjorden.
Fylkesveg 655 i Møre og Romsdal går gjennom dalen. Bondalselva er ei god lakselv.