Bondeungdomslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bondeungdomslaga (BUL) er ungdomslag i byane. Det fyrste var Bondeungdomslaget i Oslo, skipa i 1899. Føremålet til laga var i byrjinga å arbeide for landsungdom som kom til byane, og å fremje målsak, edruskap og norsk kultur i tydinga folkekultur. Dei siste 50 åra har meir og meir av arbeidet dreidd seg om aktivitetar som folkedans, amatørteater, idrett og song. Den store møteaktiviteten som dominerte laga før er for det meste vekke.

Dei fleste bondeungdomslaga er lokallag i Noregs Ungdomslag (NU). Bondeungdomslaget i Nidaros, Bondeungdomslaget i Stavanger og Bondeungdomslaget i Oslo er i tillegg med i Noregs Mållag (NM). Nokre lag som driv som bondeungdomslaga og er med i både NM og NU kallar seg «ungdomslag» eller «mållag og ungdomslag», det gjeld Bergen Ungdomslag Ervingen, Haugesund Mållag og Ungdomslag, Flekkefjord Mållag og Ungdomslag, Lindesnes Ungdomslag og Austegdelaget (Arendal).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]