Bondeungdomslaget i Oslo

Koordinatar: 59°54′53″N 10°44′24″E / 59.914706°N 10.739950°E / 59.914706; 10.739950
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bondeungdomslaget i Oslo
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer938619417
Skipa15. oktober 1899
HovudkontorOslo
Dagleg leiarKari Velure
Nettstadhttp://bul.no Sjå dette på Wikidata

59°54′53″N 10°44′24″E / 59.914706°N 10.739950°E / 59.914706; 10.739950 Bondeungdomslaget i Oslo (BUL i Oslo) er eit lokallag av Noregs Ungdomslag (NU) og Noregs Mållag, skipa 15. oktober 1899. Laget har til føremål å «samla norsklyndt bondeungdom til samvære og samarbeid på heimleg grunn og gjeva landsungdom i hovudstaden vern og hjelp. Laget vil auka vyrdnaden for bonden og bondeyrket og arbeida for atterreising av det norske folkemålet, for edruskap og for nasjonalt sjølvstende i alle leider».[1]

Laget vart stifta i ei tid då svært mykje ungdom frå bygdene (bondeungdom) flytta inn til hovudstaden for å skaffe seg arbeid. Berre frå 1890 til 1900 flytte det 75.000 menneske til Kristiania-området. Den sterke industrialiseringa på denne tida førte til ei stor sosial omvelting. Det var vanskelege levekår, både sosialt og kulturelt. Mange følte seg bortkomne, heimlause og møtte manglande respekt både for måten dei snakka på og tradisjonar dei tok med seg. Samstundes var landet midt oppe i den politiske striden om unionen med Sverige. Det var klassekamp mellom bondestanden og radikale byborgarar på den eine sida og embetsmannsklassen på den andre. Det var også ein sterk vekst i organisasjonslivet, og både mållag og ungdomslag voks fram over heile landet.

Bondeungdomslaget i Oslo vart altså skipa som ein del av ei politisk rørsle, men òg for å skape ein sosial og trygg samlingsplass for innflyttarar.

I dag har laget fire særlag: Idrottslaget, Leikarringen, Songlaget og Teaterlaget (tidlegare Spellaget). Særlaga har eigne årsmøte, men er underlagde årsmøtet i BUL i Oslo. I tillegg vel årsmøtet medlemer til bunadnemnda, målnemnda og kvart sitt styre for dei to hyttene i Nordmarka, Røkleivhytta i Sørkedalen og Bondehytta i Nittedal.

Laget eig 100 % av selskapet Bøndenes Hus AS, som eig bygarden Rosenkrantz' gate 8 og forretningane Heimen Husflid, Den Norske Husfliden, Hotell Bondeheimen og Kaffistova (kafeteria). Forretningsdrifta gjev mykje av det økonomiske grunnlaget for laget. Laget var tidlegare involvert i mykje anna forretningsdrift, mellom anna Oslo Nye Sparebank, fleire kaffistover, utleige av hyblar til landsungdom, avisa Den 17de Mai, avisa Gula Tidend, kiosk, tobakksutsal, forlagsdrift, plateselskap og bokhandel.[2]

Bondeungdomslaget i Oslo er største aksjonær i Det Norske Teatret med 11 % av aksjane.

Styreleiarar

Fram til 1960 hadde ein halvårsmøter med valg.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «BUL-leik i 100 år». Nationen (Oslo). 9. oktober 1999. s. 17. 
  2. «Og byen er vår bror» Bondeungdomslaget i Oslo 1899-1989, Oslo: Samlaget

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]