Boniface Alexandre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Boniface Alexandre

Boniface Alexandre (f. 1936) var fungerande president i Haiti frå 2004 til 2006.

I 1990 vart han dommar ved høgsterett i Haiti (Cour suprême). I juni 2001 utnemnde president Jean-Bertrand Aristide han til president for Høgsterett. Som dette vann han seg eit ry som ein aktverdig dommar innanfor eit rettssystem som elles vart sett på som mykje plaga av korrupsjon. Han gjorde mykje i kampen mot korrupsjon og inkompetanse i rettssystemet. Ved sidan av verksemda si ved domstolen underviste han som professor i rettsvitskap ved Statsuniversitetet i Haiti i Port-au-Prince.

President Aristide mista makta ved et statskupp i 2004, og etter suksesjonsreglane vart Alexandre, i eigenskap av vervet som leiar for høgsterett, fungerande president. Presidentsperioden hans vart ikkje krona med den same suksessen og beundringa som dommargjerninga hans. Amnesty International hevda at landet under perioden hans var prega av politibrutalitet, ekstrajudisielle avrettingar og stadig meir rettslause tilstandar.

Alexandre fråtredde det mellombelse presidentvervet 14. mai 2006, då René Préval, som var vinnaren av presidentvala i februar 2006, vart teken i eid som president.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]