Boogaloo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om musikksjangeren. For songen, sjå Fyra Bugg & en Coca Cola.
Boogaloo
Stilmessig opphav: Ei blanding av soul, rhythm and blues, mambo og son.
Kulturelt opphav: New York på 1960-talet
Typiske instrument: Bassgitar, bongo, conga, gitar, güiro, kontrabass, piano, saksofon, timbales, trombone, trompet
Populær periode: Midten til slutten av 1960-talet
Musikalske scener
New York og Puerto Rico

Boogaloo (engelsk, eller spansk bugalú) er ein musikksjanger og dans som var populær i USA på 1960-talet. Musikken er også kjend som shing-a-ling, Latin boogaloo og Latin R&B.

Boogaloo oppstod i New York blant ungdom av afroamerikansk og latinoopphav, hovudsakleg kubansk og puertorikansk. Han var påverka av afroamerikansk R&B og soul og av latinomusikk som mambo og son montuno. Songane kunne ha tekst på spansk eller engelsk, og kunne ofte vera humoristisk. Omgrepet «boogaloo» blei truleg laga i 1966 av Richie Ray og Bobby Cruz.

Tidlege boogaloo-songar som nådde topp 20-lista i USA i 1963 var Mongo Santamaría sin versjon av Herbie Hancock sin «Watermelon Man» og Ray Barretto sin «El Watusi». Desse slagerane inspirerte fleire grupper til å framføra liknande musikk.

Boogaloo blei spelt i storband av unge musikarar, ofte frå det store puertorikanske miljøet i New York. Nokre av desse musikarane var Bataan, Cuba, Bobby Valentín, The Latin Souls, The Lat-Teens, Johnny Colón, Willie Colón og The Latinaires.

Dei største slagerane på 60-talet var «Bang Bang» av Joe Cuba-sekstetten, som selde over ein million eksemplar i 1966. Johnny Colón hadde ein hit med «Boogaloo Blues», Pete Rodríguez med «I Like It like That» ig Hector Rivera med «At the Party».

Etter ein enorm suksess på midten 1960-talet, døydde boogaloo-interessa ned rundt 1969.

Viktige album[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]