Book of Common Prayer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Framsida på utgåva frå 1549

Book of Common Prayer er altarboka i den Den anglikanske kyrkja. Her finst ordningar for enkle gudstenester (Service), dåp, nattverd , messe, konfirmasjon, truloving , ordinasjon med vidare.

Den fyrste utgåva kom i 1549, i hovudsak ved Thomas Cranmer, under regjeringstida til barnekongen Edvard VI. Utgjevinga hadde samanheng med reformasjonen i England. Då Book of Common Prayer vart teken i bruk, vart det slutt på bruken av latinsk liturgi i kyrkjene. Somme stader i England førde dette til oppreist, spesielt blant dei som ikkje hadde engelsk som morsmål. I Cornwall vart bønebokoppreisten brutalt nedslegen, og fleire tusen menneske vart massakrerte. Kneblinga av oppreisten er sidan rekna som spikaren i kista for det korniske språket.[1]

Nye omarbeidde utgåver av Book of Common Prayer kom i 1552, 1559, 1604 og 1662. Ved sida av ei Alternative Service Book frå 1980 og Common Worship: Services and Prayers for the Church of England er 1662-utgåva enno i bruk i Den engelske kyrkja .

Altarbøker som byggjer på Book of Common Prayer er òg i bruk i USA og i andre engelskspråklege kyrkjer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • The Book of Common Prayer, 1549 Førsteutgåva [1]
  • The Book of Common Prayer, 1662 Den klassiske boka som enno er i bruk i Church of England [2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jon Hustad i Dag og Tid 30.05.2008: «Cornisk er ikkje lenger corny»