Book of Kells

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjon av Jesus på trona.

Book of Kells er ei bibelhandskrift frå 800-talet, kjend for sine mange og vakre illustrasjonar. Ho er ein av dei viktigaste kjeldene våre til keltisk kunst, og blir rekna som ein irsk nasjonalskatt. Bibelen er i dag utstilt på Trinity College i Dublin.

Boka er skriven på kalveskinnspergament og har 339 blad. Ho blei laga av munkar som truleg byrja rundt år 800 i klosteret på Iona, men etter vikingåtak der flytta til Kells. Her blei arbeidet fortsett, men aldri fullført. Også dette klosteret blei offer for fleire vikingåtak i dei neste par hundreåra.

Kva tid boka kom til Kells er ikkje kjent, men vi veit sikkert at ho var der i 1006. Då vart boka i følgje Ulsterannalane stolen frå sakristiet. Ho vart funnen att nokre månadar seinare, men då utan den gull- og juveldekorerte permen. Skadane frå denne hendinga er truleg årsak til at det manglar blad frå byrjinga og slutten av boka.

Ein har identifisert fire store illustratørar, som truleg har hatt mange hjelparar. Menneske, dyr og plantar er med i boka, omkransa av rik ornamentering med røter i den keltiske tradisjonen. Opningsbokstavar er òg blitt til praktfulle kunstverk.

Dei fire evangelistsymbola.
Pynta tekst frå Lukasevangeliet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Book of Kells