Bookerprisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bookerprisen, (engelsk namn «Booker Prize for Fiction» og «Man Booker Prize») er ein litteraturpris som vert delt ut årleg til den beste romanen som er skriven av ein innbyggjar i Det britiske samveldet, Irland eller Zimbabwe.[1] Fram til og med 2013 var forfattarar frå USA utelukka, men ei avgjerd dette året sa at også dei skulle reknast med frå 2014.[2]

Vinnaren av Man Booker Prize kan rekna med internasjonal anerkjenning og suksess, og prisen er derfor også viktig for bokhandlarbransjen.[3] Prisen vart oppretta av bokhandlarkjeda Booker plc i 1968, og delt ut første gongen året etter. For at prisen skal ha eit framståande kjennemerke, vert jurymedlemmene utvalde blant kritikarar, forfattarar og akademikarar. Sidan 2002 er prisen også omtala som «Man Booker Prize» på bakgrunn av at prisen er sponsa av eit investeringsselskap, Man Group plc.

Vinnarar[endre | endre wikiteksten]

Årstal Forfattar Original tittel Norsk tittel
2013 Eleanor Catton The Luminaries
2012 Hilary Mantel Bring up the Bodies Kall fram de tiltalte
2011 Julian Barnes The Sense of an Ending Fornemmelsen for slutten
2010 Howard Jacobson The Finkler Question Finklerspørsmålet
2009 Hilary Mantel Wolf Hall Ulvetid
2008 Aravind Adiga The White Tiger Hvit tiger
2007 Anne Enright The Gathering Sammenkomsten
2006 Kiran Desai The Inheritance of Loss Tapets barn
2005 John Banville The Sea Havet
2004 Alan Hollinghurst The Line of Beauty Den skjønne linje
2003 DBC Pierre Vernon God Little Vernon God Little
2002 Yann Martel Life of Pi Historien om Pi
2001 Peter Carey True History of the Kelly Gang Den sanne historia om Kelly-gjengen
2000 Margaret Atwood The Blind Assassin Den blinde morderen
1999 J.M. Coetzee Disgrace Vanære
1998 Ian McEwan Amsterdam Amsterdam
1997 Arundhati Roy The God of Small Things Guden for små ting
1996 Graham Swift Last Orders Siste runde
1995 Pat Barker The Ghost Road
1994 James Kelman How Late It Was, How Late Så seint det var, så seint
1993 Roddy Doyle Paddy Clarke Ha Ha Ha Paddy Clarke ha ha ha
1992 Michael Ondaatje The English Patient Den engelske pasient
1992 Barry Unsworth Sacred Hunger
1991 Ben Okri The Famished Road Den sultne veien
1990 A.S. Byatt Possession Besettelse
1989 Kazuo Ishiguro The Remains of the Day Resten av dagen
1988 Peter Carey Oscar and Lucinda
1987 Penelope Lively Moon Tiger Månetigeren
1986 Kingsley Amis The Old Devils
1985 Keri Hulme The Bone People Margfolket
1984 Anita Brookner Hotel du Lac Hotel du Lac
1983 J.M. Coetzee Life & Times of Michael K Michael K : hans liv og tid
1982 Thomas Keneally Schindler's Ark De utvalgte, Schindlers liste
1981 Salman Rushdie Midnight's Children Midnattsbarn
1980 William Golding Rites of Passage Skrift på vann
1979 Penelope Fitzgerald Offshore
1978 Iris Murdoch The Sea, the Sea
1977 Paul Scott Staying On
1976 David Storey Saville
1975 Ruth Prawer Jhabvala Heat and Dust Olivia
1974 Nadine Gordimer The Conservationist Bevareren
1974 Stanley Middleton Holiday
1973 J.G. Farrell The Siege of Krishnapur
1972 John Berger G. G.
1971 V.S. Naipaul In a Free State I en fri stat
1970 Bernice Rubens The Elected Member
1969 P.H. Newby Something to Answer For

Einskilde år har det vore to vinnarar (1974 og 1992).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Booker Prize: rules Sett 1.desember 2010
  2. Mark Brown, «Eleanor Catton becomes youngest Booker prize winner», The Guardian (15 October 2013)
  3. The Booker's Big Bang, New Statesman, 9 October 2008 Sett 1. desember 2010.