Borðoy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå Klaksvik på Borðoy

Borðoy (på dansk språk Bordø) er ei av 18 øyar som utgjer øygruppa Færøyane.

Øya er den største av dei nordlege øyane (Norðuroyar), og flatevidda er om lag 95 km2. Her ligg Færøyane sin nest største tettstad, Klaksvik, som har om lag 5000 innbyggjarar. I tillegg er det sju andre tettstadar på øya; Norðyri, Anir, Árnafjørður, Strond, Norðtoftir, Depil og Norðdepil. Det går ferje mellom Borðoy og dei andre av Færøyane fleire gonger dagleg.

Øya har fem fjell, desse er Lokki (755 m), Háfjall (647 m), Borðoyarnes (392 m), Depilsknúkur (680 m) og Hálgafelli (503 m).

Borðoy var truleg den fyrste av Færøyane som vart folkesett.

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Borðoy