Bordgang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bordgangane på ein klinkbygd båt.
Same båten inni.

Bordgang, også kalla bordomfar eller berre omfar, er ei rad med bord i ein klinkbygd trebåt. Borda går frå stamn til stamn. Båe sider av båten vert rekna med i ein bordgang. Nedste bordgangen er festa til kjølen. På klinkbygde båtar vert kvar bordgang lagd litt nedover bordgangen under og klinka til han med båtsaum. På kravellbygde båtar ligg borda butt i butt og båtsia vert slett. Borda i ein bordgang vert oftast skøytte for å nå heile båtlengda. Då vert båe endane som skal skøytast saman skråskorne. Når dei vert festa i båten, vert dei samanklinka med båtsaum. Ein slik skøyt vert ofte kalla ei skarving. Det bakre bordet vert sett på først. Når det fremre kjem på, ligg det utanpå i det skråskorne skøyten. Då vert ikkje vatn innpressa under fart.

I ein klinkbygd båt har kvart omfar sit eige namn. Desse namna varierer ein god del mellom ulike båtbyggjarområde.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]