Bordun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Borduntone spelt på ein didgeribone.

Bordun eller borduntone er ein tone som ikkje endrar seg, som kling med i – og understøtter – forløpet til ein melodi.

Verknaden oppnår ein til dømes med ein resonansstreng (på strykeinstrument) eller ei basspipe på ei skotsk sekkepipe. I strupesong skaper songaren ein djup bordun med overtonar ved å endra munnhola.[1]

Notar til opninga av Rhingullet.

Eit kjent døme på bordun i klassisk musikkhistorie er Wagner sin bruk av borduntone i innleiinga til Rhingullet.

Bordun vert òg nytta om ei djup orgelstemme, eit gedacktregister.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Knudsen, Jan Sverre (26. januar 2023). «bordun». Store norske leksikon (på norsk).