Bordvassvegen i Lom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bordvassvegen i Lom er eit kanalsystem for vatning av jord, hovudsakleg til korndyrking. Slike system med kanalar og vassveiter var vanleg i Ottadalen på 1700- og 1800-talet, og var ein føresetnad for gode kornavlingar. Årsnedbøren er mange stadar berre 300 mm. «Gje vår Herre sol, ska oss sjølve skaffe væte», sa folk i Ottadalen.

Vassvegane vart bygde frå kanten av isbreane i fjellet, og heilt fram til jorda. Det kunne ogso byggjast småe demningar framfor brekanten. Det var stor variasjon i lengda til vessveitene. Den kortaste er berre 300 meter medan den lengste er på heile 20 kilometer.

68 anlegg av denne typen er registrert i Lom.

Vassveiter, hogd ut av tømmerstokkar, var det tekniske grunnlaget for dei fyrste vassvegane av denne typen.

Bordvassvegen er eitt av desse anlegga, og ein av dei som var lengst i bruk. Den skulle skaffe vatn til ni gardar ved Bøvra, frå Aukrust til Andvord. Det er bevart ein kontrakt med Peder Pedersen Dagsgardsødegård, ogso kalla Vass-Per, frå 1833 som fortel om byggeplanane. Bordvassvegen byrjar 1450 meter over havet og endar på Andvord, 450 meter over havet.

Bordvassvegen var i bruk heilt fram til 1986. I dag blir vassvegen anbefalt som turstig.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. visitLom.com. «Bordvassvegen i Lom» (PDF). Henta 12. august 2008. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Elling Alsvik: Vatning i Lom og Skjåk. Magistergradsavhandling i etnologi ved Universitetet i Oslo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]