Boreal
Boreal er nemninga på ein del av den tempererte sonen på den nordlege halvkula. Den boreale regionen vert kjenneteikna av barskog og tundra og dekker kring 15% av landarealet på jorda. Regionen omfattar nordre delar av Russland og Europa, Canada og Alaska. Området har dei største landbaserte kolreservoara i verda.
Definisjonen på den boreal region er at gjennomsnittstemperaturen i juli skal overstige 10°C og at vekstsesongen skal vere kortare enn 100 dagar.
Ordet Boreal tyder nordleg eller arktisk og vert brukt i ulike vitskaplege samanhengar (må ikkje vekslast med arktisk klima). Ordet kjem frå det latinske borealis med same tyding og opphav frå det greske Boréas som tyder nordavind. Ordet finst i Kong Bore. Veksten Linnéa heiter Linnaea borealis.
Sirkumboreal er ei nemning på utbreiingsområde av artar. Ei organisme er sirkumboreal om utbreiingsområdet er meir eller mindre samanhengande rundt den boreale sonen.