Ubåtklassen Borej

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Borej-klasse ubåt)
Teikning av ein ubåt frå ubåtklassen Borej
Ein ubåt frå ubåtklassen Borej

Borej (russisk Борей), eller Prosjekt 955, med NATO-nemninga Borei og Borej, er ein russisk ubåtklasse. Meininga er at Borej-klassen skal erstatte ubåtane i dei eldre klassene Kalmar og Akula, som vart bygde i sovjettida. Ubåtane er atomdrivne og kan skyte ut atomrakettar når fartøyet er neddykka.[1] Klassen har namn etter vindguden Boreas.

Fartøy[endre | endre wikiteksten]

«Jurij Dolgorukij»[endre | endre wikiteksten]

Den strategiske SSBN-ubåten (K-535) «Jurij Dolgorukij» av Borei-klasse, ein koloss på 170 meter og toppfart på 25 knop. Ubåten vert driven av atomkraft og er i tillegg bestykka med 16 RSM-56 Bulava-missiler, som kvar kan inneholde opptil 10 stridshovud, sjølv om kvart missil normalt er utstyrt med færre. «Jurij Dolgorukij» har eit mannskap på 102 personar.[2]

Hovudvåpen[endre | endre wikiteksten]

Dei ballistiske missila RSM-56 Bulava, 16 stykke, er hovudvåpen.[3] Missila er i kategorien SLBM.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nilsen, Thomas (23. mai 2018), «Russland har prøveavfyrt en salve av ballistiske atomraketter», dagbladet.no (på norsk), henta 22. februar 2022 
  2. «Intens ubåtjakt før russiske missiltester», Aldrimer.no (på norsk bokmål), henta 22. februar 2022 
  3. «Россия спустила на воду атомную подлодку». BBC Russian.com. 15. april 2007.