Borerigg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fjellborerigg i arbeid.

Borerigg er utstyr som vert nytta for å bora i jord og fjell. Det finst mange ulike boreriggar, tilpassa ulike oppgåver. Boreriggar for laust fjell skil seg frå riggar for hardt fjell. Storleiken varierer kraftig etter bruksområdet, frå små transportable boreriggar til store stasjonære riggar bygde på staden. Oljeboreplattformene i Nordsjøen er i røynda ovstore boreriggar, som i noko grad er flyttbare. Boreriggar for boring etter vatn til dømes er ikkje større enn at dei kan transporterast på, eller slepast av, ein lastebil.

Fjellboreriggar[endre | endre wikiteksten]

Tamrock Scout fjellborerigg.

Fjellboreriggar vert nytta for å bora i stein og fjell, i samband med vegarbeid, utspenging av tomter og liknande. Boret, som vert drive av ein trykkluftmotor, er plassert på ei hydraulisk manøvert arm. Moderne maskinar har vakuumavsug og oppsamling for borestøvet. Dei har ofte beltedrift for at dei skal kunna ta seg fram i ulendt terreng.

Tunnelboreriggar[endre | endre wikiteksten]

Tunnelborerigg med to borehovud.

Tunnelboreriggar vert nytta for boring i samband med tunneldriving. Tidlegare vart det nytta manuelle fjellboremaskinar for å bora hol for dynamitt når det vart drive tunnellar gjennom hardt fjell. I dag vert det som oftast nytta tunnelboreriggar som borar fleire hol samtidig. Når in har bora nokre meter vert hola fylte med dynamitt for å spreng ut det stykket som er bora.

Vassborerigg[endre | endre wikiteksten]

Vassborerigg

Vassboreriggar vert nytta for å bora etter grunnvatn til føremål som vatn til hushaldningar, industri og jordvarmepumper.

Oljeborerigg[endre | endre wikiteksten]

Oljeborerigg i Alberta i Canada.

Oljeboreriggar vert nytta til å bora brønnar for å påvise eller å nytte ut råolje og naturgass frå den ytre jordskorpa. Det finst mange ulike typar oljeboreriggar, både flyttbare riggar på land, riggar på fartøy og plattformer til havs. Nokre riggar kan vera plasserte på faste oljeboreplattformer eller plasserte direkte på havbotnen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]