Borgarting lagmannsrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°55′0.17400″N 10°44′29.828″E

Borgarting Lagmannsrett, den gamle bygningen.
Borgarting Lagmannsrett, det nye bygningskomplekset.

Borgarting lagmannsrett har sete i Oslo og er ein av dei seks lagmannsrettane i Noreg.

Lagmannsretten er ankedomstol over avgjerder i dei tingrettane som høyrer til lagdømmet – både i straffesaker og i sivile saker, sjå nærare om sakshandsaminga i artikkelen lagmannsrett. Lagmannsretten sine avgjerder kan – i noko avgrensa omfang – bli påkjært eller anka til Høgsterett.

Jurisdiksjon[endre | endre wikiteksten]

Lagdømmet omfattar fylka Oslo, Buskerud, Østfold og sørlege delar av Akershus i tillegg til Svelvik og Sande kommunar i Vestfold fylke, jmr. oversikta nedst på sida over dei tingrettar som høyrer til Borgarting lagdømme.

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Borgarting lagmannsrett har sete i Oslo i delar av Munchkvartalet. Det er den største av lagmannsrettane både i tal på saker og tal på dommarar (62). Domstolen blir leida av ein førstelagmann og er delt i tre dømmande avdelingar som kvar har to lagmenn der den eine av desse er avdelingsleidar. Kvar avdeling har eit avdelingssekretariat med ein eigen seksjonsleidar. I tillegg har domstolen ei fjerde avdeling - ei ankeavdeling (kjæremålsavdeling) - med eige avdelingssekretariat. Det er ingen dommarar som er knytt fast til denne avdelinga, dei øvrige avdelingane avgir dommarar etter ein fastlagd turnus. Ankeavdelinga foretar ankeprøving i både sivile saker og straffesaker og handsamer dessuten anker over kjenningar og avgjerder - det som tidlegare heitte kjæremål. Domstolen har òg ei administrativ fellesavdeling som blir leida av ein direktør.

Domstolen vart omorganisert og fekk nytt namn i 1995, då den tidlegare Eidsivating lagmannsrett med sete i Oslo vart delt, og den nye Eidsivating lagmannsrett vart etablert på Hamar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare hadde Eidsivating lagmannsrett sete i Oslo og den omfatta det meste av Austlandet. I 1995 vart domstolen delt ved at det vart oppretta ein ny lagmannsrett med sete på Hamar og dekker områda Hedmark, Oppland og dei nordre delane av Akershus fylke (Romerike). Sidan den nye domstolens rettskrins omfattar området for det gamle Eidsivatinget, er det denne domstolen som fører namnet vidare. Den resterande (og største) delen av lagmannsretten fekk diffor namn etter Borgartinget som var namnet på det gamle tinget som vart halde i Sarpsborg. Ei meir omfattande oversikt over lagmannsretten si historie heilt frå vikingtida kan ein finne på nettstaden til domstolen sjå nedanfor under Bakgrunnsstoff.

Bygningen[endre | endre wikiteksten]

Den nye bygningen stod ferdig i 2005 og er teikna av DARK Arkitekter i samarbeid med Solheim Jacobsen Arkitekter og Zinc AS. Den inneheld rettssalar i dei nedste fire etasjane, kontor i dei neste seks og eit stort møterom og kantine for dei tilsette i toppetasjen. Den eldre bygningen i Munchs gate 4 er restaurert og ombygd og inneheld no rettssalar.

Førstelagmenn i Borgarting lagmannsrett[endre | endre wikiteksten]

  • Ola Dahl

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]