Borge kyrkje i Lofoten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 68°14′42″N 13°46′15″E

Borge kyrkje i Lofoten
Borge krk.(Nordl).JPG
Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Sør-Hålogaland
Prosti:  Lofoten
Fellesråd:  Vestvågøy
Sokn:  Borge
Innvigd:  6. søndag etter påske, 31.mai 1987
Arkitektur
Arkitekt:  Knut Gjernes
Materiale:  betong
Kyrkjerommet
Altartavle:  ved Else Marie Jakobsen
Plassar:  435
Commons-logo.svg
Borge kyrkje i Lofoten på Commons

Borge kyrkje ligg på Bøstad i Vestvågøy kommune i Nordland fylke. Ho er soknekyrkje i Borge sokn i Lofoten prosti. Kyrkja er ei kvadratisk kyrkje bygd i betong. Ho vart vigsla 31. mai 1987 og har 435 plassar. Arkitekt for kyrkja var Knut Gjernes.

Før denne har det stått minst 5 kyrkjer på Borge. Borge kyrkje er første gong nemnd i skriftlege kjelder i eit dokument frå 1335. Ei kyrkje på Borge vart bygd i 1798, ombygd i 1877 og brann ned i 1896. Ei ny kyrkje vart vigsla i 1898. Denne kyrkja brann ned 14. februar 1983.

Andre kyrkjer i Vestvågøy kommune[endre | endre wikiteksten]

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]