Borgund folkehøgskole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°25′58.9″N 6°23′42″E / 62.433028°N 6.39500°E / 62.433028; 6.39500

Borgund folkehøgskole
Borgund folkehøgskole ved Storfjorden og inngangen til Hjørundfjorden.
MottoEn reise for livet
SkuletypeFolkehøgskule
Grunnlagd1914
Region/fylkeMøre og Romsdal
KommuneÅlesund
StadÅlesund
AdresseHatleholen, 6012 Ålesund
EigarSunnmøre Indremisjon
RektorSven Wågen Sæther
Nettstadhttps://alesundfhs.no
Kart
Borgund folkehøgskole
62°26′00″N 6°23′42″E / 62.43336944°N 6.39500556°E / 62.43336944; 6.39500556

Borgund folkehøgskole, ofte kalla Borg, er ein kristen folkehøgskule som ligg ved Nørvasund i Ålesund i Møre og Romsdal. Skulen ligg om lag 16 km frå Ålesund sentrum og 30 km frå Ålesund lufthamn, Vigra.

Skulen vart grunnlagd i 1914 som Møre ungdomsskole, i det som i dag er lokala til Ålesund kulturskole ved Nørvasundet i Ålesund. I 1917 vart skulen flytt til Hatleholen og tok då namnet Borgund folkehøgskole etter den tidlegare kommunen Borgund. Sidan 2004 har skulen spesialisert seg på reiselinjer, og elevane søkjer derfor på reisemållinjer i staden for tradisjonelle fag eller linjer. Skulen marknadsfører seg som Reiseskolen.

Borgund folkehøgskole har plass til 110 elevar i året. Skulen er eigd av Sunnmøre Indremisjon.

Linjefag ved skulen i 2015:[endre | endre wikiteksten]

  • Afrika – Mangfold
  • Australia – Backpack
  • Friluft New Zealand
  • Multisport – Australia
  • Sør-Amerika Xplore
  • USA – Travelstudy
  • Vokal New York – New Orleans
  • Reise – bo og fritid

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]