Borgund i Sogn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Borgund.
Borgund
Borgund-kyrkjene  Foto: J.P. Fagerback
Borgund-kyrkjene

Foto: J.P. Fagerback

Geografi
Kommune Lærdal
Fylke Sogn og Fjordane
Annan informasjon
Ferdselsårer E16
Postnummer 6888 BORGUND
Innbyggjarnamn borgynd
Kart
Borgund i Sogn is located in Sogn og Fjordane
61°2′47″N 7°48′44″EKoordinatar: 61°2′47″N 7°48′44″E

Borgund er ei innlandsbygd øvst i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane fylke og eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Borgund har tidlegare òg vore ein eigen kommune. Borgund er kjend for den vidgjetne Borgund stavkyrkje. Hovudnæringsvegen i Borgund er jordbruk. Namnet «Borgund» er sett saman av borg som tyder 'borg, bygdeborg' og -und, 'rik på'.[1]

Tidlegare Borgund kommune[endre | endre wikiteksten]

Borgund var sjølvstendig kommune frå 1864 til 1964. Kommunen vart oppretta 1. januar 1864 ved at området vart skild ut frå Lærdal kommune. Ved opprettinga budde det 963 personar i Borgund. Kommunen hadde denne utstrekkinga fram til han vart slegen saman med Lærdal att 1. januar 1964. Ved samanslåinga budde det 492 personar i Borgund.[2] Før kommunesamanslåingane på 1960-talet, og seinast sidan 1920, var Borgund den minste kommunen i Sogn og Fjordane etter folketal.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Borgund kommune frå 1864 til 1964:

1864[2] 1890[3] 1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6] 1.1.1961[6] 1.1.1964[2]
963 831 645 644 605 572 512 492

Borgund kyrkesokn[endre | endre wikiteksten]

Borgund sokn femner same området som tidlegare Borgund kommune, det vil seie dei austre delane av tidlegare Lærdal prestegjeld. Soknekyrkje er Borgund kyrkje frå 1868. Ho erstatta Borgund stavkyrkje frå kring 1180 som soknekyrkje. Stavkyrkja er eigd og vedlikehalden av Fortidsminneforeninga.[7]

Arkiv frå Borgund kommune[endre | endre wikiteksten]

Kommunale arkiv. Henta frå Arkivportalen.no

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Borgund» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. 2,0 2,1 2,2 Dag Juvkvam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» for Statistisk sentralbyrå.
  3. Anders Gjerde: Grenseendringar i Sogn og Fjordane. Om folkemengda i Lærdal og Borgund,1890, frå Kjelda nr 3. 2002, s 26-46
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  6. 6,0 6,1 Folkemengd i Borgund 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  7. «Nasjonalklenodiet Borgund stavkyrkje» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

[endre | endre wikiteksten]