Borgund kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Borgund kraftverk
Foto: PeltonMan

Borgund kraftverk ligg på Lo i Lærdal kommune. Kraftverket stod ferdig bygd i 1974. Middelproduksjonen er 985 GWh og installert effekt er 2 x 106 MW. Kraftverket er eigd av Østfold Energi. Borgund kraftverk sitt inntaksmagasin er Vasetvatn. Ovanfor Borgund kraftverk ligg pumpekraftverket Øljusjøen med installert effekt 48 MW og årleg nettoproduksjon lik 28 GWh. Her vert vatnet pumpa opp til magasinet Øljusjøen, eit av dei to hovudmagasina til Borgund kraftverk. Etter vatnet har passert Borgund kraftverk vert vatnet nytta i Stuvane kraftverk som har årleg gjennomsnittsproduksjon 165 GWh og installert effekt lik 2 x 19 MW.