Borgund kyrkje i Sogn
| Borgund kyrkje | ||
|
Foto: Svein Harkestad |
||
| Generelt | ||
| Kyrkjesamfunn: | ||
| Bispedøme: | Bjørgvin | |
| Prosti: | Indre Sogn | |
| Prestegjeld: | Lærdal | |
| Fellesråd: | Lærdal | |
| Sokn: | Borgund | |
| Innvigd: | 28. august 1868[1] | |
| Endringar: | Spontekkinga på taket vart bytt ut med skifer i 1886 | |
| Arkitektur | ||
| Type: | Langkyrkje | |
| Arkitekt: | Christian Christie[1] | |
| Materiale: | Tre | |
| Kyrkjerommet | ||
| Plassar: | 175[1] | |
| Borgund kyrkje i Sogn på Commons | ||
Borgund kyrkje står på Borgund i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane, like ved Borgund stavkyrkje, og er ei langkyrkje i tre frå 1868.[1]
Ho erstatta stavkyrkja som soknekyrkje for Borgund sokn i Indre Sogn prosti. Kyrkja vart dels betald for av Fortidsminnesmerkeforeininga mot at dei fekk overta stavkyrkja. Sokneprest Henning Frimann Dahl var sterkt med på å drive fram denne løysinga. Soknet måtte ha ny kyrkje for stavkyrkja var vorten for lita, og Dahl meinte at det var ei nasjonal oppgåve å ta vare på Borgund stavkyrkje for framtida.[1]
Kyrkja er teikna av Christian Christie.[1] Han teikna også Hauge kyrkje i nabosoknet, og dei to kyrkjen har grunnforma sams, men medan Hauge kyrkje har to tårn og plass til 500 personar, har Borgund kyrkje ein takryttar midt over skipet og plass til 175 personar. I utforminga av kyrkjene var han inspirert av stavkyrkjene.[1]
Både Borgund stavkyrkje og Borgund kyrkje finst i små versjonar bygd i legoklossar i Legoland.
Innhaldsliste |
[endre] Sjå òg
[endre] Kjelder
- Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Borgund kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- «Borgund kyrkje» hjå NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971
[endre] Fotnotar
[endre] Bakgrunnsstoff
- Om Borgund kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Eldre fotografi av kyrkje på Borgund på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
|
|
|
|---|---|
| Borgund kyrkje · Borgund stavkyrkje · Hauge kyrkje · Tønjum kyrkje |
|
|
|
|---|---|
| Bakka · Borgund nye · Borgund stavkyrkje · Dale · Farnes · Fet · Fjærland · Flåm · Fortun · Gaupne nye · Gaupne gamle · Hafslo · Hauge · Joranger · Jostedal · Kaupanger · Leikanger · Nes · Norum · Solvorn · Stedje · Tønjum · Undredal · Urnes · Vangen · Veitastrond · Årdal |