Borgund stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Borgund stavkyrkje
kyrkje
Foto: Simo Räsänen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Lærdal
Stad Borgund
Type Langkyrkje
Teknikk Stavverk
Material Tre
Diverse Eigd av Fortidsminneforeningen
Kart
Borgund stavkyrkje
61°02′50″N 7°48′44″E / 61.04724°N 7.81224°E / 61.04724; 7.81224
Wikimedia Commons: Borgund stavkirke

Borgund stavkyrkje står på Borgund i Lærdal kommune i Vestland. Stavkyrkja er den av dei norske stavkyrkjene som er minst endra sidan ho vart bygd. Kyrkja er ei såkalla langkyrkje med to portalar med utskorne figurar i skipet (ein portal mot vest, ein mot sør), og ein portal i koret (mot sør), svalgang på alle sidene, og drakehovud på gavlane. Dendrokronologiske undersøkingar (årringdateringar) har vist at furutrea som er nytta som tømmer i kyrkja, vart felte vinteren 1180–1181. Difor kan ein rekne med at kyrkja vart reist før år 1200. Den nye Borgund kyrkje står like ved.

Grunnplan

Kyrkja skil seg frå dei fleste andre stavkyrkjene ved at indret ikkje er blitt særleg endra sidan reformasjonen. Bortsett frå preikestolen og altartavla er interiøret i Borgund, som den firkanta døypefonten i kleberstein[1], framleis som ho var i mellomalderen.

Staden kyrkja ligg på, har merke etter eit eldre bygg, som kan ha vore ei tidlegare kyrkje eller eit gammalt hov.

Ein klokkestopul (eit frittståande klokketårn) frå mellomalderen står sør for kyrkja. Stopulen er den einaste her i landet som skriv seg frå mellomalderen.

Borgund stavkyrkje er det folk flest ser for seg når dei tenkjer på stavkyrkjer; tak over tak, spir over spir og drakehovud på møna. Dei fleste av dei andre bevarte mellomalderstavkyrkjene ser ikkje slik ut, og dei som gjer det gjer det fordi dei vart ombygde til å likne på Borgund-kyrkja på slutten av 1800-talet. Unntaket er Heddal stavkyrkje som hadde alle taka og spira sine allereie før I. C. Dahl og andre byrja interessere seg for stavkyrkjene på 1800-talet. Andre stavkyrkjer, som Flesberg stavkyrkje og Torpo stavkyrkje, veit ein at har meir Borgund-liknande utsjånad tidlegare.

Borgund stavkyrkje med det frittståande mellomaldertårnet for kyrkjeklokkene attmed kyrkja. Borgund kyrkje i bakgrunnen. Fotografi frå 1880-1890

Nokre av dei mest kjende av dei andre bevarte stavkyrkjene vart på slutten av 1800-talet rekonstruerte og reparerte med Borgundkyrkja som forelegg, det gjeld Hopperstad stavkyrkje, Gol stavkyrkje og Vang stavkyrkje. Det gjaldt også Fantoft stavkyrkje som sidan gjekk tapt i brann. Fantoft-kyrkja er sidan attoppbygd som kopi. Det er også bygd kopiar av den gjennoppbygde Gol stavkyrkje på Gol og i Beiarn, desse liknar utantil meir på Borgundkyrkja enn på Gol stavkyrkje slik ho såg ut før ho var flytt frå Gol. Borgundkyrkja har vore direkte inspirasjon for andre stavkyrkjer bygd i moderne tid, som Chapel in the Hills i Sør-Dakota og Gustav-Adolf-Stabkirche i Hartz i Tyskland.

Dei bevarte mellomalderstavkyrkjene er berre ein svært liten prosent av dei som har vore. Det er lite truleg at dei kan gje eit tilfredsstillande bilete av korleis stavkyrkjer flest såg ut i mellomalderen. Både talet på bevarte stavkyrkjer og det snevre området dei er frå, gjev berre eit ørlite glimt av det som ei gong var. Somme meiner at dei små og enkle kyrkjene som Haltdalen stavkyrkje og Hedared stavkyrkje er nærare den typiske stavkyrkja enn det Borgundkyrkja er, men like fullt er det ho som er ikonet mellom stavkyrkjene.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Torkjell Djupedal, Margrethe Henden Aaraas, Sigurd Vengen, Finn Borgen Førsund (2000). «Borgund stavkyrkje». På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. 2. Sogn. Førde: Selja foralg. s. 294. ISBN 9788291722146. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]