Boris Sjilkov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boris Sjilkov

Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 28. juni 1927
Arkhangelsk
Død

27. juni 2015 (87 år)
St. Petersburg

Yrke skøyteløpar
Språk russisk
Boris Sjilkov på Commons

Boris Arsenjevitsj Sjilkov (28. juni 192727. juni 2015) var ein russisk skeiseløpar frå Arkhangelsk som representerte Sovjetunionen. Han vart både europameister og verdsmeister i 1954, og vann gullmedaljen på 5 000 meter under Vinter-OL 1956.

Sjilkov kom på andreplass etter landsmannen Oleg Gontsjarenko då VM 1953 fann stad i finske Helsinki. I 1954-sesongen steig han til topps på sigerspallen både ved EM i Davos og VM i Sapporo, framom høvesvis Hjalmar Andersen i Davos og nemnde Gontsjarenko i Sapporo. Året etter stod Sjilkov tredjeplassert etter VM i Moskva, bak svenske Sigge Ericsson og Gontsjarenko.

Den 9. januar 1955, på Medeo-bana ved Alma Ata, sette Sjilkov verdsrekord på 5 000 meter med tida 7.45,6. Mange i det norske skeisemiljøet nekta å tru på rekordtida, sidan det var ei rekordforbetring på heile 18 sekundar. Sesongen etter prova Sjilkov under vinterleikane i Cortina d'Ampezzo at rekordtida faktisk kunne vere rett, han vann då OL-gullet på 5 000 meter etter å ha kome i mål på tida 7.48,7, heile åtte sekundar betre enn sølvvinnar Sigge Ericsson.

Under skeise-VM 1957 i svenske Östersund låg Sjilkov an til å vinne laurbærkransen, men eit framifrå milløp av norske Knut Johannesen førte til at han enda på andreplassen.

Sjilkov la opp etter 1958-sesongen. Han døydde i St. Petersburg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]