Boris Johnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Boris Johnson cropped.JPG

Boris Johnson (fødd 19. juni 1964) er ein britisk konservativ politikar, journalist og redaktør. Han blei vald inn i det britiske parlamentet i 2001, og som borgarmeister av London i 2008. Johnson har også vore skribent i fleire britiske aviser, og var ei tid redaktør for det konservative politiske magasinet Spectator. Johnson er kjend i britisk presse for ei eksentrisk framferd prega av humor og flauser.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Alexander Boris de Pfeffel Johnson blei fødd i New York som eldste son av Stanley Johnson, tidlegare konservativt europaparlamentsmedlem og tilsett ved Europakommisjonen og Verdsbanken, og den første kona hans, målaren Charlotte Johnson Wahl. Boris Johnson har ein blanda familiebakgrunn og har kalla seg sjølv ein «einmanns smeltedigel», ettersom oldeforeldregenerasjonen hans inneheld både jødar, kristne og muslimar.[1] Éin oldefar var den tyrkiske minsteren Ali Kemal Bey, som blei drepen under den tyrkiske frigjeringskrigen.

Johnson var stipendelev ved Eton og studerte ved Balliol College i Oxford. Han skreiv for avisene Times, The Wolverhampton Express og Star før han blei tilsett av The Daily Telegraph, der han mellom anna blei assisterande redaktør. Frå 1994 til 1995 skreiv han politiske kommentarar for The Spectator, som han blei redaktør for i 1999, ei stilling han gav opp då han blei skuggeminister for høgare utdanning i 2005.

Johnson er medlem av parlamentet for Henley i Oxfordshire. Han var offisiell opposisjonstalsmann (front-bench spokesman) som skuggeminister for høgare utdanning fram til han kunngjorde planane sine om å bli borgarmeister for London i juli 2007.

Boris har også vore gjest og gjesteprogramleiar fleire gonger i Have I Got News for You, det britiske opphavet til Nytt på nytt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]