Boris Kustodjev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett fram om Troitse-Sergijeva Lavra, 1912

Boris Mikhailovitsj Kustodjev (russisk: Борис Михайлович Кустодиев) (7. mars 187826. mai 1927) var ein russisk målar og grafikar. Han var fødd i Astrakhan og døydde i Leningrad.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Kustodjev var son av ein gymnaslærar og byrja studere teologi etter endt skulegong. Ved sidan av fekk han i åra 1893-96 undervisning i målekunst av P. A. Vlasov i Astrakhan. I perioden 1896 til 1903 heldt han fram med utdanninga si ved St. Petersburgs kunstakademi, med mellom andre V. J. Savinskij og Ilja Repin som læremeistrar. Han tok del i arbeidet med Repins måleri Riksrådet samla til markering (Заседание Государственного совета). Dessutan laga han fleire portrett av kjende, samtidige russarar, mellom anna av Ivan Bilibin (1901).

1904 avslutta Kustodjev studiet sitt, og med stipend frå kunstakademiet i St. Petersburg la han i veg på si fyrste av fleire utlandsreiser. Desse førte han i 1904 til Frankrike og Spania, 1907 til Italia og 1909 til Austerrike og Tyskland samt atter ein gong til Italia. I desse åra laga han mange portrett og sjangermåleri.

Åra 1905 til 1907 arbeidde han for det satiriske tidsskriftet Zjupel (norsk: Skrekkgjenferd). Frå 1911 laga han tidvis dekorasjonar til teateroppsetjingar.

Etter heimkomsten i 1909 til Russland vart Boris Kustodjev tilsett ved St. Petersburgs kunstakademi. To år tidlegare hadde han vorte medlem i Forbundet for russiske kunstnarar. I året 1911 slutta han seg til kunstrørsla Mir iskusstva. Frå 1913 underviste Kustodjev ved ein ny kunsthøgskule i St. Petersburg (Leningrad).

Provinsby, 1919

Alvorleg sjukdom, tuberkulose, tvinga han til å leggje vekk arbeidet med kunsten for ei tid, etter råd frå lækjar. Han gav seg i veg til ein privatklinikk i Sveits, og var der eit år. Frå 1916 var han lamma frå livet og ned.

Etter oktoberrevolusjonen var han i arbeid på fleire felt, fyrst og fremst var han oppteken av tema i samtidas Russland. Slik oppstod utkast til plakatar, kalenderar, tidsskrift og bøker. Dessutan laga han litografi. I året 1923 vart han medlem av Unionen av målarar for det revolusjonære Russland.

Kustodjev laga livlege, skinande og frodige bilete. Vidare var han oppteken av å illustrere bøker. Han illustrerte verk av Nikolaj Gogol, Mikhail Lermontov og Leo Tolstoj.

Størstedelen av verka hans er utstilt i Russlands Museum, i Nizjnij Novgorod kunstmuseum og i kunstmuseum i Astrakhan og i Tretjakovgalleriet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Boris Kustodjev